Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
Fiskebåt med kvitt dekk og raudt skråg til kai.
Fiskebåt med kvitt dekk og overbygg og raudt skrog til kai.

I nesten 40 år skar denne kjølen bølgjene på havet. Drog inn tonn etter tonn med fyll for fiskedisk og eksport.

No ligg båten til kai. Men minna og kunnskapen frå den tida finst enno.

Smilande mann med kvitt skjegg og sixpence, sit på brua på ein fiskebåt med masse instrument.

Langt ute på det store svare Atlanterhavet. Åtte timar på vakt. Fire timar av. Åtte timar på vakt. Åtte timar av. Dag etter dag, veke etter veke. Båten stampar for halv maskin.

Skipperen har vore her før. Veit at eit par hundre meter under han, der kan det sige lange, brosme, sei, steinbit, breiflabb, torsk, hyse. Det er på tide å sette lina.

Eldre mann sit i pilotstolen på båten, med mykje instrument og spakar rundt seg.

– Skipperen følgjer med på ei rekke instrument. Han navigerar og finn fisken. Han bestemmer når lina skal settast. Skipparen er arbeidsleiaren om bord, fortel Asbjørn Førde.

Det er ikkje noko fasit eller kart som syner kvar fisken er. Ein har hjelpemiddel som sonar, ekkolodd og sjøkart. Men aller mest er det erfaring som tel. Fiskar Asbjørn Førde frå Bremanger starta som dekksgut, gjekk gradene til skipper. 40 år med fiske.

Frå fiskar til forteljar

No brukar han ikkje lenger erfaringa si til å fylle opp båten, men fortelje historia til andre. Gjennom det frivillige laget Haugefisks venner, ei samling av fiskarar, sjøfolk og entusiastar, inviterer han publikum om bord. Men kvifor har ein gamal fiskebåt eit eige venelag?

Smilande gruppe eldre menneske på dekk framfor styrehuset til Haugefisk.
Haugefisks venner frå høgre: Kjell Grotle, Liv Dyrstad, Kåre Vedvik, Håkon Dyrstad, Ole Martin Grotle, Arnar Hauge, Per Inge Igland, Reidun Grotle, John Ivar Hauge, Jan Heggheim (administrerande direktør, Musea i Sogn og Fjordane), Asbjørn Førde, Kåre Jarl Langeland og Jørgen K. Blålid (rådegjevar, Musea i Sogn og Fjordane).

Haugefisk vart sjøsett i 1978. No, kjære lesar, skal du få eit par faguttrykk, men forklaring kjem etterpå: Haugefisk vart bygd som autolinebåt med shelterdekk, og var svært moderne for si tid. Autonline betyr at båten har maskiner som set agn på krokane, og når dei vert trekte inn att, blir dei reinsa automatisk og er klare til nye fiskekjeftar. Shelterdekk betyr at arbeidsdekket, der fiskarane står og jobbar dag og natt, er bygd inn. Det gjev ein tryggare og meir komfortabel arbeidskvardag. I dag kan ein oppleve båten omlag slik den var når den var ny.

Vart nesten spikar

Likevel, etter nesten førti år var den umoderne. Neste stopp var opphøgging til spikar. Då var det nokon eldsjeler som tenkte annleis, nokon som hadde trødd sine timar med gummistøvlar på arbeidsdekket. Båten vart redda, og vart ein del av Kystmuseet i Sogn og Fjordane i Florø.

Sidan har Haugefisks venner og museet jobba for å vise fram nyare fiskerihistorie. Ein av dei er Ole Martin Grotle.

Smilande eldre herre med briller, held opp ein fiskekrok.

– Det kunne vere ute opp til 30.000 krokar på same tid. Egninga skjedde i ei maskin, seier han.

I løpet av fire timar gjekk alle krokane gjennom maskina, ut av hekken på båten med agn. Til slutt kunne det det ligge fleire kilometer ute langs botnen, før skipperen vende om og ein byrja å hale inn fangsten.

Fiskar viser korleis krokane heng på skinner, kalla magasin.
Krokane heng på skjener, kalla magasin.

Det var fire mann som jobba under kasting, mellom anna med å halde styr på linene, magasin, bøyer og dreggar og mate egnamskina med makrell eller anna agn.

Mann med grøn jakke står ved ei luke i eit rom i fiskebåten og peikar.
– Her tok vi inn att lina og drog inn fangsten, seier tidlegare fiskar Kjell Grotle.

Lina vart dratt gjennom ein opning i skutesida. Her sto ein fiskar og tok imot fisken, bløgga, sløgde den og kasta den i ein kasse. Når den var full, med sånn cirka 150 til 200 kilo fisk, tømde dei den ned i lasterommet.

Mann står ved luke på arbeidsdekket. Maskineri i bakgrunnen.
– I lasterommet sto det ein person som la opp fisken og dekka den med is, seier Grotle.

På det meste kunne dei dra inn opp mot fire tonn i døgnet. Ein kunne vere ute seks-sju veker i strekk. Nordsjøen, Barentshavet. Vest om Irland, Atlanterhavet. 80 tonn fersk fisk på is var ikkje uvanleg å komme heim med. Det vart levert til fiskemottak i Bremanger, Måløy, Ålesund.

Hjartepassaren

Ein som ikkje såg så mykje til sjølve fisken i si tid på sjøen, var maskinist Kåre Vedvik. Jobben hans var likevel avgjerande.

Eldre smilande mann i fiolett skjorte smiler. I bakgrunnen ledningar og kontrollpanel.

– Den viktigaste jobben min var å få motoren til å gå. Om den ikkje går, hamar vi i fjæra, seier han.

Ved botnen av ein bratt leider finn ein det han pratar om. Djupt nede i Haugefisk, bak lasterommet ligg motoren. Ein blåmalt buldrebass med 650 hestekrefter. Ein motor, ein propell. Rett nok er det to hjelpemotorar ved sidan av, men dei forsyner båten med straum, ikkje framdrift.

Blå vegg med fastnøklar, tenger og ulike spesialverktøy.
Reiskap for løyse alle mogelege oppgåver heng lett tilgjengeleg.

Maskinisten passar på smøreoljen, drivstoffnivået, at filtera er opne. Bunkrar, etterfyller eller skiftar deler ved behov. Han les av temperatur på smøreolje, kjølevatn, eksos. Han sikrar at hjartet i båten slår. Dag og natt. Veke ut og veke inn.

kystmuseet/2024-03-07_11-44_haugefisk-7.jpg.

Maskinisten må ha kontroll på titals ulike måleinstrument.

Inne i messa høyrest latter. Det står stykker med heimebakt Mor Monsen på borda. Brus, kaffi, restar etter pizza. Haugefisks vener er samla, slik dei ofte er. No har dei møte for å byrje planlegginga av sommarsesongen. Då skal Haugefisk ligge til kai i Måløy, rett ved sidan av cruiseskipa. Og denne gjengen skal vere omvisarar for dei som vil lære om nyare, norsk fiskerihistorie.

Smilande gjeng i trang båtmesse med runde vindauge.

– Haugefisks venner er ein utruleg fin gjeng. Stort sett godt humør, det er aldri spetakkel og krangel. Vi hjelper alltid kvarandre, seier Håkon Dyrstad, og trekk fram dugnad som ein viktig aktivitet.

Tek unge med på fiske

Gjengen vaskar, målar, sveisar. Dei oppgraderer og innreier rom. Driv vedlikehald, inne og ute. Kjekkast er likevel når dei dreg ut på tur, gjerne med elevar, gjennom Den kulturelle skulesekken. Då set dei ut line med eit par hundre krokar, tek ungar og ungdomar med på heile fiskeballetten.

– Vi lærer opp ungar som ikkje har peiling på dette. Det er det som er moro. Eg har stor glede av det, føler at eg gjer ein innsats. Difor er det moro å vere med, seier han.