Ledig stilling

 

Det er no ledig fast stilling som:

FORMIDLINGSLEIAR

ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane i Florø

Vi søkjer etter ein engasjert og omgjengleg person til å utvikle og leie formidlingsoppgåver retta mot alle brukarar av museet, med hovudvekt på ulike skuletilbod, arrangement og utstillingar. Formidlingsleiaren vil ha nært samarbeid med formidlarane ved dei andre museumsavdelingane.

Kompetanse og kvalifikasjonar

·         Høgare utdanning innan pedagogiske og/eller museums-relevante fag

·         Relevant undervisningspraksis og gjerne museumserfaring

·         Gode data- og språkkunnskapar

·         Erfaring med heimeside og sosiale media

Det vert lagt vekt på gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig. Søkjar må vere fleksibel i høve til intensive arbeids-periodar, og må rekne med noko reising til skular i regionen.

Stilling blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum. God pensjonsordning. IA-avtale. Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelingsdirektør Berit Høivik tel. 958 01 708

Søknad med CV sendast til

Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane

eller til post@misf.museum.no  innan 04. juni 2017.

Søknad merkast «Formidlingsleiar ved Kystmuseet»

Utlysning - annonse


Ved Sunnfjord Museum er det ledig 80 % stilling som:

SEKRETÆR/MUSEUMSVERT

Arbeidsoppgåvene vil vere ansvar for administrative rutinar, heimeside og sosiale media,  drift av museumsbutikk og utleigehus m.m., vidare å vere med å løyse dei museumsfaglege  oppgåvene som til ei kvar tid er prioriterte ved museet. Publikumskontakt er ei viktig side av jobben.

Kompetanse og kvalifikasjonar

·         Røynsle frå kontorarbeid og førstelineteneste

·         Interesse for museums- og kulturvernarbeid

·         Gode  data- og språkkunnskapar

Personlege eigenskapar

·         Målretta og strukturert

·         Gode samarbeidseigenskapar

Vere fleksibel med tanke på intensive arbeidsøkter på museet. Stillinga blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum(Virke). IA-avtale God pensjonsordning i KLP.

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelings-direktør Gunnhild Systad tlf 905 47 124.

Søknad med CV skal sendast innan 04.06.2017 til

post@misf.museum.no eller pr. post til

Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane.

Søknad merkast «SEKRETÆR/MUSEUMSVERT SUM»

Utlysning - annonse

 

 

 

 

 

 

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane
Epost: post@misf.museum.no Tlf.: 990 94 777 Org.nr. 994 179 136
Bankkonto: 3705 16 96647 IBAN: NO6137051696647 SWIFT: SOFJNO22
Faktura på epost: faktura@misf.no