Musea i Sogn og Fjordane har tilsaman 13 museum spreidde i heile fylket, og 7 avdelingar.

Vi har samla 50 årsverk, og dekker eit vidt spekter av lokal, regional og nasjonal kunst- og kulturhistorie.
 

VIKARIAT SOM FORMIDLAR VED SUNNFJORD MUSEUM

 

Kort om Sunnfjord Museum

Sunnfjord Museum vart opna i Førde sentrum i 1926. I 1950 vart museet flytta til Movika. Den oppgavelege husmannsplassen Movig er grunnstammen i friluftsmuseet, som tel i dag 32 antikvariske bygningar, støl og utmarkshus inkludert. Museet har ei variert gjenstandssamling over eit stort tidsspenn og er særleg kjend for tekstilsamlinga si. Som tilsett ved museet vil du få innsikt og erfaring frå dei fleste delar av museumsdrift.

 

Om stillinga

Vi søkjer etter ein engasjert og strukturert person til å utvikle og gjennomføre formidlingsoppgåver retta mot alle brukarar av museet, med hovudvekt på skuletilbod, arrangement og utstillingar. Det vert lagt vekt på god kommunikasjons- og formidlingsevne og samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig.

Søkjar må vere fleksibel i høve til intensive arbeidsperiodar, og må rekne med noko reising til skular i regionen.

Vikariatet er ledig frå 1.januar 2019, lengd er 12 månader frå denne datoen.

 

Kompetanse og kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan pedagogiske og/eller museumsrelevant fag
  • Relevant undervisningspraksis og/eller formidlingserfaring og gjerne erfaring frå museumssektoren
  • Målretta og strukturert
  • Gode språkkunnskapar
  • Erfaring med nettsider og gjerne andre digitale verktøy

 

Stillinga blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). Musea i Sogn og Fjordane nyttar nynorsk som skriftspråk. God pensjonsordning. IA avtale.
Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelingsleiar Marie Nicolaisen tlf: 906 19 474 eller museumsfagleg seniorrådgjevar Thomas Walle tlf: 926 22 055.


Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli gjort offentleg.

Søknad med CV sendast til Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane eller til stilling@misf.museum.no innan 5.november 2018.

Merk søknaden: "Vikariat formidlar SUM"

For full utlysningstekst sjå vedlagt vedlegg. 

 

 

 

 

Vedlegg