Kulturrådet gjev 1,9 millionar til arbeid med mangfald og inkludering i musea. I tildeling av midlar frå museumsprogrammet Samfunn, makt og ansvar for 2018-2020, har Kulturrådet gjeve støtte til prosjektet «Uenighetsfellesskapet», der Musea i Sogn og Fjordane er ein av ti samarbeidspartnarar.
I statsbudsjettet for 2019 foreslår Kulturdepartementet eit tilskot til Musea i Sogn og Fjordane på kr. 37 080 000. Dette er ein svak auke frå 2018 på om lag 2,2%, som er lågare enn forventa pris- og lønnsvekst. Auka er i samsvar med den generelle auka til musea i det nasjonale museumsnettverket. Dette betyr at dei økonomiske rammevilkåra for museumssektoren strammast ytterlegare inn.
«Årets sesong er den beste sidan 2012. Det er godt vi nøgde med. Fleire av våre museum har hatt godt sommarbesøk. Det er likevel stor variasjon mellom musea, og det viser at det er godt potensiale for ytterlegare vekst i besøkstala. Dette vil vi arbeide med å utvikle vidare i tida framover», seier administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane Kjartan Aa Berge.
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane underteikna 31.august avtale om å overta alle bygg og samlingar til Nordfjord Folkemuseum frå Nordfjord Sogelag. Overtakinga gjeld frå 1.september 2018.

Hanne Storm Ofteland (47) er tilsett som avdelingsdirektør for Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Hanne er utdanna kunsthistorikar frå Universitetet i Oslo. Ho har tidlegare arbeidd som sjef for bibliotek- og arkivtenestene ved Kunsthøgskulen i Oslo, samt digitalisering og dokumentasjon ved fleire kunst- og kulturinstitusjonar i Oslo. I perioden 2003-2006 dreiv ho galleriet Nordic art info, ein visningsstad for nordisk samtidskunst med hovudfokus på unge kunstnarskap.