Personvernerklæring

Her finn du ein oversikt over korleis Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane handterer sine personopplysningar i samband med bruk av nettstadene våre.

Denne personvernerklæringa gjeld for alle nettstadene som høyrer inn under Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane.

  1. Opplysningar om eigar
    Eigar av nettstadene er Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane. 
    E-post: post@misf.no

    Organisasjonsnummer: 944 179 136, som og er ansvarleg for Stiftinga si handtering av personopplysningar.

  2. Behandlingsansvarleg
    Administrerande direktør er på vegne av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane behandlingsansvarleg for verksemda si handsaming av personopplysningar. 

  3. Google analytics
    Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane nyttar Google Analytics i tilknytning til dei ulike nettstadene våre. Føremålet er å utarbeide statistikk for å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstadene. 
    Google analytics nyttar informasjonskapslar, men Google Analytics mottek berre generell statistikk, som nettlesarvariant, tidspunkt, språk og kva nettstad brukaren kjem i frå. Mottekne opplysningar er underlagt Google 
    sine reglar for personvern
     
  4. Informasjonskapslar (cookies) 
    Dei fleste nettstadene i dag, nyttar seg av såkalla informasjonskapslar/cookies for å betre brukaropplevinga. Ein informasjonskapsel er ei tekstfil som ved besøk på, eller interaksjon med ein nettstad leggast i din nettlesar sitt internminne. Opnar du ein anna nettlesar på datamaskina eller mobil/ipad, vil ikkje dei same informasjonskapslane bli overført dit. Bruk av nettstaden kan ikkje sporast attende til enkeltpersonar.

    Føremålet med informasjonskapslar er å få statistikk om bruken av nettstaden som hjelp til vidare utvikling og forbetring av tenesta. Informasjonskapslar inneheld ikkje andre personopplysningar enn IP-adresser. Du kan hindre at informasjonskapslar vert lagra på datamaskina ved å endre innstillingar i nettlesaren. 
     
  5. Nyhendebrev
    Nokre av einingane i Stiftinga sende ut nyhendebrev. Ved å melde deg på nyhendebrev samtykker du til at vi lagrar ditt namn og e-postadresse. Dette nyttar vi til å sende ut relevant informasjon. Det vert nytta Mailchimp og Wordpress for å handtere utsending av e-post. Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane forpliktar seg til å ikkje dele informasjonen din med andre partar. Informasjonen vil ligge lagra hjå oss inntil du melder deg av nyhendebrevet. 
     
  6. Deling
    Det er muleg å dele artiklar frå nettstaden i sosiale media. Vidare handtering av data som vert delt i sosiale media, vert regulert av din avtale med det aktuelle samfunnet. 
     
  7. Rettar for den registrerte
    Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane handsamar personopplysningane dine i henhald til personopplysningslova, og gjeldande forskrifter. Vi gjer deg merksam på at du kan krevje innsyn i, og flytting av eigne personopplysninger, samt krevje retting eller sletting av opplysningar.

    Krav frå den registrerte skal besvarast kostnadsfritt og seinast innan 30 dagar. Det kan klagast til Datatilsynet på handsaming i strid med reglane.
     
  8. Informasjonstrykkleik
    Vi sikrar dine personopplysningar ved både fysisk og virtuell adgangs- og tilgangskontrikk, samt ved krytering av sensitive delar av opplysningar ein har gjeve frå seg.

    Kontaktinformasjon:
    Hendvendingar om kva opplysningar som er registrert, retting og sletting skal sendast skriftleg til: post@misf.no