AKTIVITETSFYLTE HAUSTFERIEDAGAR PÅ MUSEA

I neste veke har mange haustferie, både Sunnfjord Museum og De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum har haustferiedagar med mange spanande aktivitetar for heile familien. Begge musea våre har i år fokus på poteta, men byr på ulike lærerike aktivitetar frå måndag til fredag, fordelt på dei to musea. 
 

PROGRAM FOR SUNNFJORD MUSEUM 8.-9.OKTOBER

Gjeld for begge dagane: 

Kl 10-15: Bogeskyting i Sersjantløa 
Kl. 10.00 Bli med og lag potetkaker! v/Norunn Hornnes, Førde Bygdekvinnelag (Kun måndag)
Kl. 10.00-12 og 12.30-15: Verkstad med potettrykk.
Kl. 12.00: Tenn opp bål med bruk av eldstål og flintstein (i tunet)
Kl. 13.00: Eventyrstund i Østenstadstova.

Som vanleg er dei ulike husa i friluftsmuseet ramme for aktivitetar og sal av god heimelaga mat. Det blir bogeskyting i Sersjantløa, eventyrstund i Østenstadstova, og i Huus-stova kan du spele spel, teikne og ta ein kopp kaffi. Vi tenner grillane i tunet til fri bruk. 

Inngang: 50 kroner (barn og vaksne). Dette inkluderar materiale til aktivitetane. 

 

PROGRAM FOR DE HEIBERGSKE SAMLINGER - SOGN FOLKEMUSEUM 10.,11. og 12. OKTOBER

Gjeld for alle tre dagane:

Kl. 10 -14: I Leirmostova skjer det mykje: Me lagar og et potetgraut, og kardar og spinn ull. 
Inne vert det fleire kjekke aktivitetar, og open kafé.
Eventyrløypa og naturløypene er også opne. Kart til eventyrskogen får de i resepsjonen.
Kl. 10.30: Tresking, rensing og kasting av korn i løa
Kl. 11.15: Ver med å mala mjøl i kverna (Om vêret høver) 
Kl. 12.00: Fôring av dyra 
Kl. 12.30: Tresking, rensing og kasting av korn i løa 
Kl. 13.15: Ver med å mala mjøl i kverna (Om vêret høver)
Kl. 14.00: Fôring av dyra

Det er vanlege billettprisar desse dagane. Dei som har årskort går gratis. 


Velkommen til leikande og lærerike dagar i haustferien!

 

sumDHS-SF
sum