Påska er rett rundt hjørnet og vi på Nordfjord Folkemuseum har glede av å invitere til påskedagar hjå oss!
Vi utvidar opningstidene våre og held ope frå søndag 24. mars (palmesøndag) til onsdag 27. mars kl. 11-15 alle dagar.
Påskekrim
Påskeverkstad
- Nålefilting
- Påskepynt
- Decoupage
Det blir påskekrim i år også, der vi treng hjelp frå detektivane for å finne ut kva som skjedde med Ole?
Inne i hovudbygget kan de lage påskepynt. Vi har ulike aktivitetar å by på, de kan prøve å nålefilte påskeegg, lage flotte duskar eller de kan prøve dykk på decoupage.
Vi oppmodar å ta med eigne glas til decoupage, det kan vere tomme syltetøy-glas eller eit glas du ønsker å dekorere med flotte påskemotiv.
Elles vil det vere høve til å sjå våre utstillingar. Vi har utstillinga «Dyrebar» som er open heile året og vår basisutstilling «Attåt» som opna sommaren 2023.
Kafeen held ope alle dagar, og i museumsbutikken er det gode tilbod for anledninga.