Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Ei brun tøymus med blomstrete kjole står i graset.

Påskekrim: Mysteriet om den forsvunne stabbursosten

Tidspunkt til
Stad Sunnfjord Museum

Det finst ein tjuv på Sunnfjord Museum!

Er du klar for ny påskekrim? Bli med å løys mysteriet om den forsvunne stabbursosten!

I årets påskekrim møter du stabbursmusa Pia. Ho bur i eit lite musehus på Sunnfjord Museum. Her lever ho godt. Ho har funne ein kjempestor, gylden ostebit som ho passar godt på. Den skal nemleg ho og tanteborna kose seg med i påska.
Plutseleg ein dag oppdagar Pia at nokon har vore inne i matboda hennar, og stabbursosten er vekk!

Kven er den frekke oste-tjuven? Bli med rundt i friluftsmuseet og hjelp Pia med å løyse mysteriet.

Blid kvinne held ei brun tøymus med blomstrete kjole i handa. Museumsbygningar i bakgrunnen.
Museumspedagog Nina Renate Brendsdal inviterer deg til påskekrim i Movika. Hjelp musa Pia med å finne oste-tjuven!

Du kan delta på påskrimmen frå 25.-27. mars, kl. 10.00-15.00. Starten på løypa finn du i resepsjonen. Dei som løyser den desse dagane kan springe i resepsjonen å få ein liten premie.
Frå 28. mars til 1. april blir løypa tilgjengeleg utanom åpningstid.

Du følgjer ei løype i tunet, frå post 1 til 8. Postane finn du fysisk i friluftsmuseet. På post 8 skannar du ein QR-kode der du registrerer deltakinga di. Då er du nemleg med i trekking av ein fin premie.

Forteljinga høver for born i barnehagealder og oppover, men aktiviteten er fin for heile familien! Born bør gå i følgje med vaksne. Hugs også at du er på eit museum, og både bygningar og gjenstandar er antikvariske.

Vi trekk ein vinnar 6. april. Lykke til!