Astruptunet Astruptunet
astruptunet/foto-utsnitt-oliva-flolo.-etter-1912.-privat-eie.-header_nett.jpg.

Engel og Nikolai

Stad Astruptunet

Då Nikolai Astrup (1880-1928) måla Kollen ved Kjøsnesfjorden i Jølster, møtte han den unge og vakre Engel Sunde (1892-1966). Ho skulle få mykje å seie for kunsten og livet hans.

Mange av motiva til Nikolai er frå Jølster, og Sunde, der Engel vaks opp, var eit ynda landskap for kunstnaren. Fleire av måleria i utstillinga er frå stadar dei to var nært knytt til.

Engel og Nikolai brukte mykje tid på å byggje seg ein heim. Først på Myklebust, og deretter på ein gamal og nedsliten husmannsplass på Sandalstrand. Her bygde dei det som etter kvart skulle bli både gard, nyttehage og kunstnarheim. Då Nikolai døydde i 1928, tok Engel ansvaret for å ta vare på kunstarven og å utvikle kunstnarheimen. Nokre av trykkplatene etter Nikolai er stilt ut, saman med forteljinga om korleis dei vart brukt etter hans død.

Etter kvart vart det mange som strøymde til tunet, og på 1960-talet hadde Engel over 3000 besøkande. I 1965 selde Engel eigedomen til Jølster kommune. Vilkåra var klare: det skulle byggast eit eldfast bygg til å huse kunsten, og ein skulle jobbe for å få Nikolai Astrups kunst attende til Astruptunet. Tunet skulle vere i offentleg eige, og driftast i den ånd kunstnarparet hadde skapt.

Astruptunet ynskjer med utstillinga og ha fokus på heile kunstnarheimen på Sandalstrand, med både Engel og Nikolai sine verk.

Verten står bak disken i kafeen.
Solveig Berg Lofnes
Museumsleiar

Planlegg besøket ditt

Inngangsbillett

Opningstider

1. januar — 18. mai
Vinterstengt. Evt tinging på mobil 99 20 26 76

Prisar

  • Galleri, vaksen: 120,-
  • Galleri, student/honnør: 90,-
  • Galleri, barn (under 18 år): gratis
  • Omvising i kunstnarheim + galleri, vaksen: 140,-

Her er vi

Astruptunet
Nikolai Astrups veg 1135
6847 Vassenden