De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/forjulssondag-1668006644.jpg

Førjulskveld

12. desember 15:00 - 18:00
De Heibergske Samlinger

Velkomne til den tradisjonsrike førjulskvelden på museet!

Ta med deg vener og familie, og finn den gode julestemninga hjå oss. I kveldsmørket samlast vi på museet for hyggjeleg førjulsstemning med sal av julegraut, kaffi og kaker. Utstillingane våre er som vanleg opne, og vi anbefaller spesielt ein tur ut i den julepynta Stavedalsstova vår, og i den oppgraderte barneutstillinga.

I løpet av kvelden skal vi ta med oss julegraut ut til fjøsnissen som held til på garden her på museet. Er vi heldig kjem han fram og helsar på oss. Det kan vere kaldt ute, så kle deg godt!

de-heibergske-samlinger/krambu-jul.jpg
Billettar

Vaksne: 50kr

Born 6-18 år: 25kr

Born 0-6 år: Gratis

Årskort: Gratis

Me gler oss, vel møtt!