De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
kornaks som heng over eit gjerde av staur.

Naturhistoriske løyper

Stad Startar ved hovudbygget

På stigar i skogen, langs enger og beite finn du fire ulike naturløyper som du kan følgje og læra om ulike tema.

Naturleikløypa

Inneheld 14 ulike plakatar og utstillingar med informasjon om korleis du kan bruke naturen til leik. Dette kan vere bruk av tre og planter, gamle spel, fantasi og eventyr.

Nyttevekstløypa

Nyttevekstløypa gjev eit innblikk i korleis viltveksande vanlege planter har blitt brukt til mat og medisin, til klede eller til å halde vekke utøy. Løypa inneheld 13 ulike plakatar og utstillingar.

Naturlandskapsløypa

Kulturlandskapsløypa handlar om korleis menneska har påverka landskapet gjennom bruk, særleg jordbruk og husdyrhald. Løypa inneheld 15 ulike postar med ustillingar, aktivitetar og husdyr.

Viltløypa

I viltløypa finn du informasjon om villdyra våre, og om korleis menneska har jakta på desse. Løypa inneheld 9 postar der du får vite meir om blant anna hjort, mus, orm, fuglar og frosk.