Sogn og Fjordane Kunstmuseum Kunstmuseet
kunstmuseet/bkh-sort.png
Publisert 06/07/2022
Av Kathrine Helene Skarsholt

Utlysing av BKH-stipendet 2022

Stipendmidlane på kr. 100 000,- er tildelt frå Bildende Kunstneres Hjelpefond. Sogn og Fjordane Kunstmuseum ynskjer å dele stipendet på to kunstnarar, á kr. 50.000.

Formålet er å stimulere kunstnarleg verksemd i Sogn og Fjordane, og av den grunn må prosjektet finne stad i fylket. BKH-stipendet skal vere med på å styrke det regionale kunstfeltet i tilknyting til verksemda til kunstsentera.

Stipendet er eit produksjonsstipend. Kunstnarar med tilknyting til Sogn og Fjordane kan søke. Tildeling skjer innan utgangen av 2022. Styret for Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane kårar stipendiat etter innstilling frå Kunstfagleg råd.

Merkast med BKH-stipend 2022

Søknaden skal bestå av

- ein prosjektomtale
- visuelt materiale
- budsjett
- CV

Maks 5 sider og 10 MB

Søknaden sendast digitalt til sfkm@misf.no innan 31. oktober. E-post merkast med BKH-stipend 2022.

Spørsmål rettast til

Sentralbordet ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum
Mayra Henríquez
Museumsleiar, SFKM