I samarbeid med Førdefestivalen inviterer vi born og unge til å måle sitt eige Strandamåleri.
Desse idylliske landskapsmåleria besto av fjell, sjø, skog og små hus - eit motiv som slo røter i folk sine heimar og minne. Bli med på ein kreativ og morosam måleverkstad. Fyll ditt strandamåleri med ting som er viktig for deg eller seier kven du er!
På verkstaden får borna utdelt alt dei treng for å lage sitt eige måleri. Dei får måle med akrylmåling på lerretsplate i A4-størrelse, låne penslar, bordstaffeli og t-skjorte som måleforkle.
Vi deler verkstaden i to grupper med kvar sitt starttidspunkt:
Første gruppe startar kl 11:00
Andre gruppe startar kl 12:00
Billetten kostar 75 kr og kjøpast via Førdefestivalen si nettside. Obs: det er to ulike billettlenker, ein til kvart tidspunkt. Ein vaksen kan følge med inn på verkstaden per born.

Utstillinga skildrar Alt Går Bra si oppdagingsreise gjennom strandamåleria si unike historie.
Alt Går Bra er eit kunstkollektiv med base i Bergen og Paris. Deira arbeid har blitt stilt ut mellom anna i Nasjonalmuseet, Kode, Victoria and Albert Museum, Palais de Tokyo, University of Westminster. AGB sine arbeid er representert i Nasjonalmuseet, Kode og KORO sine permanente kunstsamlingar. I 2022 vart dei tildelt Subjektprisen som Årets kunstnar.
