Gå til Musea i Sogn og Fjordane
Kunstmuseet
kunstmuseet/l_red_dscf1300.jpg

Omvising i HEKT

Sogn og Fjordane Kunstmuseum

I utstillinga tekstilutstillinga HEKT legg vi vekt på dei lokale tekstilkunsthistoriene og vi viser fram viktige verk frå samlinga av lokale kunstnarar som Astrid Myklebust, Astrid Wittersø, Audgunn Naustdal Holsen, Britt Smelvær og Marius Moldvær.

Vi veit ikkje sikkert kvifor Sogn og Fjordane Kunstmuseum har ei av dei sterkaste tekstilkunstsamlingane i Noreg. Mykje er samla inn frå miljøet rundt Heimeyrkeskulen på Jøster; eit tidleg kraftsenter for norsk tekstiluknst på 1970-talet. Frå lærarane sine eigne prosjekt, men òg frå elevar som sidan vart kunstnarar i sin eigen rett. Andre delar av samlinga kjem utanfrå, frå resten av Noreg.