Nysgjerrig på performance? Det er ein kunstsjanger som kan likne litt på teater og dans. Ein performance er ei prosessbasert kunstform som inneheld element frå biletkunst, teater og musikk. Denne kunsttorsdagen kan du først oppleve ein performance av Bjørn Venø i Høgsalen. Etterpå vil Venø snakke oss gjennom det som oppsto undervegs, samt fortelle om sitt kunstnarskap. Her får vi blant anna eit innblikk i hans erfaringar i møte med publikum.
17.00 : Kafè Sobra opnar
18.00 : Performance
18.20 : Pause
18.30 : Presentasjon/Artist Talk ved Bjørn Venø
Kva med å ta middagen på museet? Kafè Sobra serverar suppe frå kl 17.00 og held ope under heile arrangementet.
Kunsttorsdag gjev deg inngang til kveldens program og alle utstillingane med vanleg billett. Sikre deg eit årskort, så kjem du gratis inn på alle utstillingar og kunsttorsdagar i 2023!