Kystmuseet i Sogn og Fjordane Kystmuseet
Oversiktsbilde over Bataldebua ved sjøen og Brendøya i bakgrunnen. Blå himmel og rolig sjø.

Det store sildeeventyret

Stad Bataldebua

På Prestholmen finn du ei gammal sjøbu med grå tømmerveggar og oransje tak. Opphaveleg stod bua på Batalden, og var i bruk i perioden på 1800-talet da mange fiskarar og oppkjøparar trakk til Kinn-distriktet for å delta i det rike sildefiske. Her tok dei imot silda og salta den i tønner. På slutten av 1920-talet blei bua flytta til Sunnfjord museum, som den gong låg i Førde sentrum. Da museet flytta til Movika blei ikkje bua med på flyttelasset. Den vart i staden demontert og lagra i Florø heilt fram til Kystmuseet blei stifta og museet tok over eigarskapet. Bua blei gjenreist på museumsområdet i Florø i 1992. Her går den under namnet Bataldebua.

I dag huser bua ei fast utstilling om sildefiske i Kinn-distriktet, samt ei utstilling om sild og havforsking i andre etasje. Kvar vår blir bua dessutan boltreplass for elevar på 6. trinn i deler av Kinn kommune, som får høyre historia om sildefiske og prøve seg på tradisjonell sildeflekking. Da heng silda til tørk på loftet, og bua blir igjen fylt med lukta av sild.

Utstillinga er open ved avtale.

Bilde: Bataldebua og utsikt mot Brendøya. Foto: Thomas Bickhardt