NYHENDE


I den seinare tida har det vore ein diskusjon i offentlegheita om Sunnfjord Museum si framtid som har skapt uklarheiter. Styret i Musea i Sogn og Fjordane ønskjer derfor å bidra med ei klargjering.

Vi syner til oppslag i Firda 19. mars der det kjem fram at fylkeskommunen vurderer å krevje Musea i Sogn og Fjordane for deler av midlane brukt til Kløften-prosjektet. Bakgrunnen er at Musea i Sogn og Fjordane i februar meldte fylkeskommunen at vi ikkje stiller oss bak ein fornya søknad om statleg investeringstilskot til Kløften. I saka vert fylkesordførar Jenny Følling sitert på følgjande om krav om tilbakebetaling av planleggingsmidlar: «Dette vil bli vurdert vidare av administrasjonen, og vi vil gje eit signal om at vi ikkje driv planlegging for moro skuld.

Musea i Sogn og Fjordane har søkt om støtte frå Kulturdepartementet for å få på plass eit museumsmagasin i Angedalen.
Musea i Sogn og Fjordane har registrert at det er blitt skapt eit inntrykk i offentlegheita om at Musea i Sogn og Fjordane skal ha prioritert ned utbetring av arbeidstilhøva ved Sunnfjord Museum. Det er ikkje rett.
Tusen takk til alle som kom og snakka med oss på Framtidsfylket si Karrieremessa i Grieghallen. Og ikkje minst for at de tok dykk tid til å svara på quizen vår! Maria G. Svedal gjekk av med sigeren, og har vunne eit museumspass. Gratulerer!