Foto: Utkast til verne og formidlingsbygg - Holvikejekta, arkitekt Ola Sendstad

Etter at Vestland fylkeskommune løyvde den siste tredjedelen av byggekostnaden, kan no sluttprosjekteringa ta til. Totalkostnaden er rekna til 33 millionar kroner.

Om lag samstundes med at finansieringa av bygget var klar, kom klinkbygging som metode gjennom 2000 år inn på kulturarvlista til Unesco. Holvikejekta er det største eksisterande klinkbygde fartøyet i Norge, og dette strekar under kor viktig avgjerda var.

Dette er eit løft for Gloppen, men også for Vestlandet og nasjonen, seier direktør Jan Heggheim i Musea i Sogn og Fjordane, som skal bygge og drifte vernebygget.

Han vil særleg peike på det langvarige og gode engasjementet til Anne Kristin Moe ved Nordfjord Folkemuseum.

Utan hennar innsats  ville vi truleg ikkje vere der vi er no, seier Heggheim. Men der er mange som har gjort ein god jobb, slike prosjekt er lagarbeid. No kan alle dei sjå fram mot neste etappe. For Musea er dette ei krevande oppgåve, ved sidan av andre store byggeprosjekt. Men vi gler oss, avsluttar Heggheim.

Holvikejekta, bygd på Sandane i 1881, har stått i eit ope naust sidan ho vart sett på land for godt i 1907.  I følgje Hardanger Fartøyvernsenter er tilstanden til Holvikejekta forverra dei siste åra. Det går fram av rapporten at insekt og rote er ein stor trussel, og at jekta bør kome i eit hus der fuktsvingingane er minimale. Ein klinkbygd båt er ein sterk konstruksjon, men når festemidla forsvinn eller bordgangane sprekk opp rundt festemidla, slik som på Holvikejekta, hastar det å få hindra forfallet.

Det er løyvd 11 mill. på statsbudsjettet for 2021. Vestland fylkeskommune løyver altså 10 mill. i budsjettet for 2022. Gloppen kommune har alt løyvd 10 mill. For å bidra til det kommunale tilskotet har det blitt oppretta ein folkeaksjon som i 2021 har samla inn snart 2 mill. kr. Det siste fortel mykje om engasjementet i saka. Musea har ein eigendel på 3 millionar, der det til no er gått med rundt ein million kroner.

No byrjar detaljprosjektering og kontrahering, og vonleg er Musea i Sogn og Fjordane i gang med bygging hausten 2022. Planen er opning hausten 2023.