Vi syner til oppslag i Firda 19. mars der det kjem fram at fylkeskommunen vurderer å krevje Musea i Sogn og Fjordane for deler av midlane brukt til Kløften-prosjektet. Bakgrunnen er at Musea i Sogn og Fjordane i februar meldte fylkeskommunen at vi ikkje stiller oss bak ein fornya søknad om statleg investeringstilskot til Kløften. I saka vert fylkesordførar Jenny Følling sitert på følgjande om krav om tilbakebetaling av planleggingsmidlar: «Dette vil bli vurdert vidare av administrasjonen, og vi vil gje eit signal om at vi ikkje driv planlegging for moro skuld. Den beskjeden museet nyleg gav i sine prioriteringar, burde ha vore gitt seinast i 2016 då dei gav oss klarsignal for å gå vidare med planane.» Desse påstandane kan ikkje stå uimotsagt.

Det første vi vil seie er at Musea i Sogn og Fjordane er svært innforstått med at fylkeskommunen ikkje driv planlegging for moro skuld. Fylkeskommunen var klare på eigne prioriteringar ovanfor både styret og administrasjonen i Musea i Sogn og Fjordane våren 2016.

Grunna store kostnadar var det foreslått ein kraftig reduksjon i magasinareala i Kløften-prosjektet, slik at musea sitt magasinbehov måtte løysast gjennom ei delt løysing. På fagleg og driftsøkonomisk grunnlag meinte Musea i Sogn og Fjordane at Kløften måtte realiserast utan magasin, og at behov for fellesmagasin blei dekt gjennom ei alternativ magasinløysing. Dette vart stadfesta i styremøter 23. februar og 19. april 2016.

Men fylkesadministrasjonen godtok rett og slett ikkje styret sine vedtak om Kløften-prosjektet. Misnøya med museet sine vedtak vart særs tydeleg formidla av fylkeskulturdirektøren for næring og kultur i møte 27. mai 2016 med dåverande styreleiar og direktør i Musea i Sogn og Fjordane.

I etterkant av møtet sende fylkeskulturdirektøren ein e-post med eit innhald som må oppfattast som ein instruks på kva avgjerd Musea i Sogn og Fjordane skulle vedta i sitt styremøte 14. juni 2016. Med unnatak av to avsluttande avsnitt er styret sitt vedtak i sak 26/2016 i samsvar med denne instruksen. Alt dette er godt dokumentert.

Den beskjeden fylkesordføraren etterspør frå Musea i Sogn og Fjordane blei altså gitt tidleg i 2016, men vart overprøvd av fylkeskommunen. Attendemeldinga frå Kulturrådet i samband med avslag på søknaden om støtte til Kløften (15.februar 2018) er langt på veg lik dei vurderingane musea gjorde: «Det er Kulturrådets vurdering at museets magasiner i framtiden kan ha fordeler av å være samlet i ett bygg. Dette vil innebære at industrilokalene ved Ramstad i Angedalen oppgraderes til fullverdige magasiner for alle deler av museets gjenstandssamlinger, med god standard på sikring, klima, infrastruktur og logistikk. Denne løsningen vil være kostnadseffektiv i forhold til en delt løsning der det også etableres et magasin i et nybygg i Movika/Kløften.»

I oppslaget i Firda meiner fylkesordføraren vidare at vedtaket i fylkestinget i desember 2018 var ei klar melding til Musea i Sogn og Fjordane om å sette i gang med planar for alternative løysingar for tilhøva ved Sunnfjord Museum. Dette er ei tolking ho ikkje deler med fylkesadministrasjonen. Heilt sidan det blei klart at Kløften ikkje låg inne med løyvingar i statsbudsjettet for 2019, har Musea i Sogn og Fjordane freista å få ei avklaring på om vi kunne sette i gang med alternative planar for utbetring av anlegget i Movika. Utbetring av arbeidstilhøva ved museet har vore viktig for Musea i Sogn og Fjordane i lang tid, sist stadfesta i vår prioritering av investeringsprosjekt hausten 2018. Ein føresetnad for dette var openbert at ein ikkje gjekk vidare med Kløften-prosjektet i den utforminga som fekk avslag frå Kulturdepartementet eller ønskte å følgje tilrådinga frå Kulturrådet om å realisere museumsbygget utan magasin. Frå fylkeskommunen fekk vi beskjed om at det ikkje var grunnlag for å leggje bort eller endre Kløften. Også etter vedtaket i fylkestinget som fylkesordføraren viser til, var beskjeden frå fylkesadministrasjonen den same.

Vi står no på terskelen til å gå inn i Vestland fylke. Slik signala er vil Musea i Sogn og Fjordane truleg få det tøft, og det vil bli auka fokus på museumsfagleg kvalitet og effektiv drift. I fagtidsskriftet Museumsnytt nr 1 2019 kjem det fram at Musea i Sogn og Fjordane er det dyraste museet i landet rekna etter statsstøtte per besøkande, og vi er den sjette største mottakaren av statleg driftstilskot. Musea i Hordaland kjem langt bak i rekka; medan Musea i Sogn og Fjordane fekk 63 % statleg driftsfinansiering i 2017 fekk musea i Hordaland 39 %. Det er ein skilnad på heile 24 prosentpoeng. Følgeleg har vi stor forståing for at musea i Hordaland er dei musea som roper høgast i Museumsnytt om større del av den statlege finansieringskaka. Men det gjer det ikkje enklare for Musea i Sogn Fjordane.

Musea i Sogn og Fjordane har vedteke ei liste på fire investeringsprosjekt med eit samla investeringsbehov på 160 millionar kroner, der vi har særleg fokus på godt forankra museumsfaglege prosjekt. Vi planlegg å investere 100 millionar kroner av desse i nytt fellesmagasin i Angedalen og oppgraderte lokale ved Sunnfjord Museum i Movika. Dei andre investeringane er planlagt i Gloppen (vernebygg til Holvikejekta) og i Hyllestad (nybygg ved Norsk Kvernsteinsenter). Dette meiner vi er ein svært god måte å førebu seg til inngangen i Vestland fylke på.

No har altså Kulturdepartementet avslått søknaden om statleg investeringstilskot til Kløften to gonger, med klar melding om at ei delt magasinløysning ikkje er godt fagleg grunngjeve. Samstundes melder Kulturrådet i si vurderinga av Musea i Sogn og Fjordane at oppbevaringstilhøva for samlingane, som musea forvaltar på vegne av befolkninga i fylket, er «alarmerande» dårleg. I eit slikt perspektiv er det uforståeleg for oss at ei viktig sak for fylkeskommunen på veg inn i Vestland fylke er å truge med å krevje at Musea i Sogn og Fjordane refunderer prosjektpengar for Kløften, når det er fylkeskommunen som har pressa gjennom viljen sin.

Men kva meiner fylkeskommunen er den beste måten å førebu seg på framtida for Musea i Sogn og Fjordane? Er det å bygge eit signalbygg? Er det å krevje Musea for pengar? Eller er det å hjelpe Musea med å trygge gode rammevilkår for å kunne drive museumsfagleg godt slik at vi kan sikre god forvaltning og formidling av kulturarven til Sogn og Fjordane i Vestland fylke?

Kjartan Aa Berge, administrerande direktør Musea i Sogn og Fjordane

Thomas Michael Walle, seniorrådgjevar museumsfag, Musea i Sogn og Fjordane