Musea i Sogn og Fjordane har tilsaman 13 museum spreidde i heile fylket, og 7 avdelingar. Vi har samla 50 årsverk, og dekker eit vidt spekter av lokal, regional og nasjonal kunst- og kulturhistorie.

KYSTMUSEET I SOGN OG FJORDANE HAR LEDIG 100% STILLING SOM MUSEUMSVERT

Formidling
 

Kort om Kystmuseet i Sogn og Fjordane

Kystmuseet i Sogn og Fjordane har hovudbase i Florø med tre utstillingsbygg og stort kulturlandskap med antikvariske bygg. Utstillingane formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane. Her er stor båtsamling, gjenstandar frå bygd og by ved kysten, og ei utstilling om den moderne oljeverksemda. Les meir om Kystmuseet i Sogn og Fjordane på heimeside.

Arbeidsoppgåver:

  • Museumsbutikk
  • Merkantile oppgåver
  • Publisere på digitale plattformer
  • Mottak av besøkande
  • I samråd med avdelingsdirektør og formidlingsleiar noko formidlingsoppgåver

Kvalifikasjonar:

  • Røynsle frå kontorarbeid og fyrstelineteneste
  • Ønskeleg med interesse for museums- og kulturvernarbeid
  • God munnleg- og skriftleg framstillingsevne
  • Gode data- og språkkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt
  • Målretta og strukturert
  • Gode samarbeidsevne

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er inne i ein organisasjonsprosess, og dette kan føre til endringar i stillinga sitt innhald og arbeidsoppgåver.

Søkjar må vere fleksibel i høve til intensive arbeidsperiodar. Det må påreknast noko reising, kvelds og helgearbeid. Stilling blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale.

Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelingsdirektør Berit Høivik tlf.95801708 .Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.

Søknad med CV sendast innan 09.04.2019 til stilling@misf.museum.no, eller i post til Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane. Merk søknad « Museumsvert KSF» 

For full utlysningstekst sjå vedlegg.