Musea i Sogn og Fjordane har tilsaman 13 museum spreidde i heile fylket, og 7 avdelingar. Vi har samla 50 årsverk, og dekker eit vidt spekter av lokal, regional og nasjonal kunst- og kulturhistorie

Vi har ledig stilling som  

FORMIDLINGSLEIAR VED

NORSK REISELIVSMUSEUM

                                          

 

Kort om museet

Norsk Reiselivsmuseum er eit av få museum som er tileigna turistar sine opplevingar, og reiselivsnæringa si historie. Museet ligg i Balestrand, Sogn og Fjordane. Det er lokalisert i eit moderne og prisløna bygg på 1800 kvm. som er skore rett ut av grunnfjellet. Museet inneheld faste og temporære utstillingar, kafé med utsikt og museumsbutikk, bibliotek og eige auditorium med amfi for filmframvising, foredrag og andre hendingar. Installasjonane i utstillingar og utstyret i auditoriet, og elles i bygget held høg teknologisk standard.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein engasjert og strukturert person til å utvikle og gjennomføre formidlingsoppgåver retta mot alle brukarar av museet, med hovudvekt på arrangement og utstillingar. Det vert lagt vekt på god evne til samarbeid.

Du må vere:

  • fleksibel i høve intensive arbeidsperiodar
  • omgjengeleg
  • serviceinnstilt
  • ryddig og ansvarsbevisst

 Kompetanse og kvalifikasjonar

  • høgare utdanning innan museumsrelevante fag og / eller reiseliv
  • relevant undervisningspraksis og gjerne museumserfaring 
  • god digital kompetanse
  • gode språkkunnskapar, minimum norsk og engelsk, gjerne tysk og fransk
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne

   Arbeidsoppgåver

  • vere vertskap for besøkande til museet
  • utarbeide formidlingsopplegg for skuleklassar og andre grupper av besøkande
  • utarbeide tekst og artiklar i samband med utstillingane
  • innhaldsproduksjon til digitale plattformer
  • utarbeide tilbod til ulike brukarar av museet
  • opplæring og oppfølging av museumsvertar  
  • omvising og formidling til grupper og enkeltbesøkande

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane er inne i ein organisasjonsutviklingsprosess, og dette kan føre til endringar i stillinga sitt innhald og arbeidsoppgåver.


Musea i Sogn og Fjordane nyttar nynorsk som skriftspråk.

Stillinga blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning. IA-avtale. Fleksitidsordning.
Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til avdelingsleiar ved NRM, Susanne H.G. Poulsson tel. 454 87 040, eller museumsfagleg seniorrådgjevar Thomas Walle tel. 926 22 055.
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli gjort offentleg.

Søknad med CV sendast til stilling@misf.museum.no, innan 5. mars 2019. Merk søknaden «FORMIDLINGSLEIAR NRM»

Full utlysningstekst finn du her.

 


VI HAR LEDIG STILLING SOM
DRIFSTSANSVARLEG/VAKTMEISTER
VED DE HEIBERGSKE SAMLINGER-SOGN FOLKEMUSEUM