
Bildende Kunstneres Hjelpefond (BKH) sine stipend har som formål å styrke det regionale kunstfeltet i tilknyting til verksemda ved kunstsentra i Norge. Stipendet er eit produksjonsstipend som skal stimulere kunstnarleg verksemd i Sogn og Fjordane.
Prosjektet hennar heiter «Kan ein lære å kjenne seg heime i eit framand landskap?». Denne problemstillinga har vorte aktualisert gjennom den dagsaktuelle situasjonen med flyktningane som kjem til landet vårt. Maurstig vil utvikle eit bokprosjekt, utan ord, forankra i øygruppa Solund i Sogn og Fjordane. Med utgangspunkt i dei arbeida og arbeidsmetodane ho har utvikla dei siste åra, ynskjer ho å utforske vidare temaet «Landskap og identitet». I samband med arbeidet med boka vil ho òg utvikle uttrykka til arbeid som vil bli ei utstilling. Ho vil til dømes utforske moglegheita å ta med delar av boka attende til Solund og vise dei i titteskap ute i sjølve landskapet.
Søknadane til BKH-stipendet vert vurdert av Kunstfaglig råd som er satt saman av representantar frå Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane, Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge og Sogn og Fjordane Kunstmuseum/ Musea i Sogn og Fjordane.
Sogn og Fjordane Kunstmuseum gratulerer Karen Helga Maurstig med BKH-stipend for 2017, på kr. 100.000.