I sommarsesongen treng vi dyktige museumsvertar som kan ta imot gjestane ved musea våre.
Det er viktig at du er omgjengeleg, serviceinnstilt, språkkyndig, og gjerne interessert i historia til fylket vårt.

For sommarsesongen 2019 har vi følgjande ledige stillingar: 

SOMMARJOBB SOM MUSEUMSVERT VED NORDJORD FOLKEMUSEUM

Søkjer museumsvert

Nordfjord Folkemuseum søkjer initiativrik og engasjert museumsvert med interesse for historie. Stillinga er i hovudsak sommarsesongen 2019, men også utover hausten ved behov.

Jobben består av resepsjonsarbeid, å ta imot publikum, guiding i friluftsmuseet, reinhald og elles førefallande museumsarbeid.

Inga øvre aldersgrense, men du må kunne engelsk og gjerne fleire språk. Søknadsfristen er 31. mars. 

For meir informasjon, kontakt Avdelingsdirektør Anne Kristin Moe, tlf 57884540.


 

SOMMARJOBB SOM VERT I KVERNSTEINSPARKEN I HYLLESTAD (SOGN OG FJORDANE)

Kvernsteinsparken i Hyllestad kommune er eit arkeologisk friluftsmuseum med eit stort steinbrots-landskap som daterer tilbake til 700-tallet. Om sommaren tilbyr vi omvisningar og ulike aktivitetar som kornmaling, brødbaking, lage klebersteinssmykke osv. I tillegg fungerer Parken som turistinformasjon med liten kafé og butikk. Ungdom fra Hyllestad skole jobber som guidar når Parken er åpen..
For at publikum skal bli godt mottatt og introdusert til Parken treng vi ein museumsvert som er ansvarleg for resepsjonen, den lille kaféen og butikken.

Oppgåver:
-Mottak av publikum og drift av turistinformasjonen
-Drift av den lille kaféen og butikken
-Instruere publikum i Parkens aktivitetar (brødbaking over bål, male korn med handkvern, arbeide med kleberstein)
-Instruere og leie ungdomane som jobbar i Parken som guide

Kvalifikasjoner:
-Utadvendt, serviceinnstilt, ansvarsbevisst
-Interesse for arkeologi/historie/geologi, studium av desse fag er ein fordel
-Språk: Norsk og engelsk flytande, gjerne forstå og snakke litt tysk også
-Erfaring frå liknande jobb er ein fordel
-Minst 20 år gamal

Tidsrom: 21. juni – 18. august 2019 (100% stilling).
Løn: Stillinga blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). I helgene gjeld helgetillegg.

Bustad: Vi kan hjelpe med å skaffe rimeleg bustad.
For nærmere informasjon kontakt Franziska Rüttimann Storemyr på tlf.: 458 71 940
Kortfatta søknad med CV og vedlegg sendes til: post@kvernstein.no
Søknadsfrist: 31. mars 2019
Musea i Sogn og Fjordane, avd. Norsk Kvernsteinsenter, 6957 Hyllestad, 458 71 940 post@kvernstein.no


MUSEUMSVERTAR TIL ANDERS SVOR MUSEUM, HORNINDAL OG SOGN KUNSTSENTER, LÆRDAL


Søknadsfrist: 1. april 2019

Sogn og Fjordane Kunstmuseum er ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane. Museet forvaltar om lag 4500 kunstverk frå ca. 1900 og fram til i dag. Museet har fem driftseiningar:

  • Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) i Førde,
  • Anders Svor Museum i Hornindal,
  • Astruptunet i Jølster,
  • Eikaasgalleriet i Jølster,
  • Sogn Kunstsenter i Lærdal (vidareføring av Gjesmegalleriet).

Vi søker museumsvertar til to av våre visningstader:
Anders Svor Museum (sesong frå 22. juni til 1 september) og
Sogn Kunstsenter (sesong frå 15. juni til 11. august).

 

OM SOMMARENGASJEMENTA:

Engasjementa er deltids-/heltidsengasjement med varierande omfang.

Museumsvert: Som museumsvert er du formidlar av dei aktuelle utstillingane. Dine oppgåver vil mellom anna vere: vakthald, sal av billettar og produkt, formidling, kundehandsaming og mogleg omvisningar.


Vi søker deg som er: Interessert i kunst Ÿ Har formidlingsevne Ÿ Serviceinnstilt Ÿ Ansvarsbevisst Ÿ Positiv og engasjert Ÿ Fleksibel.


Krav til søkar og søknad:

Du må vere fylt 16 år. Søkarar over 18 år vil verte prioritert. Vi har inga øvre aldersgrense.

Du må beherske eit skandinavisk språk, samt engelsk.

 

Kunstfagleg bakgrunn er ynskjeleg. Erfaring med formidling og kundebehandling samt ei interesse for kunst kan kompensere for manglande formell utdanning. Ved begge avdelingane er det kun ein museumsvert på jobb om gangen.

Lønsnivå: Stillinga blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke).

 

Send oss ein søknad og CV på e-post til: hso@misf.museum.no. Ver venleg å oppgje kva for ei stilling du søker på, kven du er, og dine tidlegare erfaringar. Skriv òg perioden(e) du kan arbeide (frå og til dato(ar)).

Søknadane vil bli handsama etter kvart, og aktuelle kandidatar vil bli kontakta for intervju. Følg med på heimesida vår og Facebook, så er du oppdatert på kva som skjer!

For meir informasjon sjå heimesida vår www.sfk.museum.no, avd. Anders Svor Museum og Sogn Kunstsenter.

 

Spørsmål kan rettast til avdelingsdirektør Hanne Storm Ofteland, tlf. 486 29 759, e-post hso@misf.museum.no


MUSEUMSVERTAR TIL VÅGSBERGET HANDELS- OG GJESTEGJEVARSTAD I VÅGSØY KOMMUNE
Kystmuseet i Sogn og Fjordane søkjer guidar/museumsvertar for sommarsesongen 2019 til Vågsberget

Kvalifikasjonar:    

  • Over 18 år
  • Kan arbeide sjølvstendig 
  • Ha interesse for lokal historie
  • Kunne nytte engelsk munnleg

Lønsnivå: Stillinga blir lønna etter avtale, basert på landsovereinskomsten for museum (Virke).

Spørsmål kan rettast til avdelingsdirektør Berit Høivik, tlf 95 80 17 08

Send oss ein søknad og CV på e-post: berit.hoivik@misf.museum.no innan fredag 12. april.


Sommarjobb på Sunnfjord Museum

Er du på jakt etter ein triveleg og variert sommarjobb i Førde? Sunnfjord Museum søkjer museumsvertar/omvisararar til sommarsesongen 2019.

Tidsrom: 1. juni til 31. august 2019. Dette inkluderer helgene i perioden. Du må kunne jobbe i ein lengre periode i dette tidsromet.

Oppgåver:

  • Mottak av publikum, sal av billettar, omvising og publikumshandsaming.
  • Reinhald, driftsoppgåver og fortløpande arbeid  i friluftsmuseet og den daglige museumsdrifta.

Du må:  

  • Vera over 16 år. Det er inga øvre aldersgrense. 
  • Ha gode språkkunnskapar i norsk (eller eit skandinavisk språk) og engelsk. Har du språkkompetanse utover norsk og engelsk er dette ein fordel.
  • Kunne arbeide sjølvstendig

Du bør

  • Ha god emne, og engasjement for å formidle på norsk og engelsk
  • Vera serviceinnstilt og ansvarsbevist
  • Vera fleksibel
  • Ha interesse for og gjerne kunnskap om lokal og nasjonal kulturhistorie

 

Løn: Etter avtale og basert på landsovereinskomsten for museum (Virke) 

Søknadsfrist: 31. mars 2019.  Send søknad  og CV til avdelingsleiar Marie Nicolaisen (marie.nicolaisen@misf.museum.no) Merk e-posten Søknad sommarjobb 2019. Legg også til i kva periode du kan jobbe. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til korte intervju.

Spørsmål kan rettast til Marie Nicolaisen (906 19 474, marie.nicolaisen@misf.museum.no

    Formidlar Kvernsteinsparken       formidlar vågsberget