NYHENDE

«Med denne omorganiseringa svarar Musea i Sogn og Fjordane på forventningane som er kommunisert i museumsreforma og i kulturmeldinga frå 2018. Dette gjer oss dessutan godt budde på å møte konsekvensane av den nye museumsmeldinga frå staten som kjem i 2021 og den nye museumspolitikken for Vestland fylke som snart blir gjort gjeldande», seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge.
Vi fekk nyleg gledelege nyhende! Vi er eitt av kunstmusea i Noreg som får ekstra løyving på 1 million kroner til innkjøp av kunst for Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Siktemålet til Kulturdepartementet er å stimulere til skapande kunstnerisk aktivitet over heile landet.
I statsbudsjettet for 2021 som vart lagt fram i dag er det ikkje gjort framlegg om løyving til nytt vernebygg til Holvikejekta. Musea i Sogn og Fjordane hadde søkt om 10 millionar kroner i statleg løyving.
Holme har ein mastergrad i historie og kjem frå stillinga som seniorrådgjevar i Fylkesarkivet i Vestland. I rolla som museumsleiar vil ho ha det faglege leiaransvaret for utstillingar, arrangement og formidling ved Kystmuseet.
Dette er ei nyoppretta stilling i musea. Bolseth har ein mastergrad i internasjonal HR-leiing og kjem frå stillinga som HR-rådgjevar hos PricewaterhouseCoopers Norge (PwC).