Annette Langedal Holme Foto: privat
Foto: Annette Langedal Holme, privat

Pressemelding: Annette Langedal Holme er tilsett som museumsleiar ved Kystmuseet Annette Langedal Holme er blitt tilsett som museumsleiar ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane i Florø.

Holme har ein mastergrad i historie og kjem frå stillinga som seniorrådgjevar i Fylkesarkivet i Vestland. I rolla som museumsleiar vil ho ha det faglege leiaransvaret for utstillingar, arrangement og formidling ved Kystmuseet.

«Dette var veldig kjekt. Eg gler meg til å ta fatt på den spennande oppgåva med å leie Kystmuseet», seier Holme.

Holme er eit kjent ansikt i Musea i Sogn og Fjordane, ho har tidlegare jobba i ulike rollar både ved Kystmuseet og Nordfjord Folkemuseum.

«Vi er svært nøgde med at Annette har takka ja til stillinga som museumsleiar. Med denne tilsettinga har vi fått på plass ein sentral brikke i utviklinga av Kystmuseet» seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge ved Musea i Sogn og Fjordane.

Holme er tiltrer i stillinga 1.januar 2021.

 

Sandane -11.09.2020

Kontaktperson:

Administrerande direktør Kjartan Aa Berge tlf. 41 44 64 39 / kjartan@misf.no