Styret Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) vedtok i styremøtet 1.oktober ny prinsippmodell for organisering av det konsoliderte museet kalla «funksjonsdelt klyngemodell».

«Med den nye prinsippmodellen tek MiSF offensive grep for å møte framtidas utfordringar for Musea i Sogn og Fjordane», slår styreleiar Ivar Kvalen og administrerande direktør Kjartan Aa Berge fast.

Avgjerda om ny prinsippmodell for organisering av MiSF er gjennomført på grunnlag av ein strategiprosess som styret starta hausten 2017. Prosessen dokumenterte at det ville kome store endringar i rammevilkåra for musea i nær framtid, og då særleg knytt til regionreform, kommunesamanslåingar og ny museumsmelding. Kulturdepartementet, Kulturrådet og Vestland fylke har no varsla store omleggingar i driftsfinansieringsmodell og fagleg fokus frå og med 2021. Samstundes synte arbeidet med strategiplanen at MiSF hadde eit betydeleg forbetringspotensiale innan samlingsforvalting og forsking. Som ein konsekvens av prosessen bestemte styret seg særleg for å styrke fokuset på samlingsforvalting og forsking.

I den vedtekne prinsippmodellen, «funksjonsdelt klyngemodell», vil MiSF organisere arbeidet sitt i fire fagklynger; kulturhistorie, forsking og bevaring, kunsthistorie, og økonomi og administrasjon. Alle dei kulturhistoriske avdelingane i MiSF vil bli organisert under den kulturhistoriske klynga. Sogn og Fjordane kunstmuseum vil bli organisert under den kunsthistoriske klynga.

Omlegginga til den nye prinsippmodellen skal vere gjennomført innan 31.12.2022.

«Som ein stor arbeidsgjevar innanfor kulturfeltet er det svært viktig for MiSF at implementeringa av den nye prinsippmodellen skjer i samsvar med gjeldande arbeidsrettsleg regelverk og i nært samarbeid med tillitsvalde og verneombod», understreker administrerande direktør Kjartan Aa Berge.

 

Førde/01.10.2019

 

Kontaktperson:
Administrerande direktør Kjartan Aa Berge, tlf. 414 46 439 / Kjartan.Aa.Berge@misf.no
Styreleiar Ivar Kvalen, tlf. 951 91 829