Holvikejekta Foto: Espen Mills - Høyr historia til Holvikejekta

I statsbudsjettet for 2021 som vart lagt fram i dag er det ikkje gjort framlegg om løyving til nytt vernebygg til Holvikejekta. Musea i Sogn og Fjordane hadde søkt om 10 millionar kroner i statleg løyving. Musea i Sogn og Fjordane har i tillegg fått på plass ein kommunal garanti frå Gloppen kommune på 10 millionar kroner og har søkt Vestland fylke om tilsvarande beløp. 

«Tilstanden til Holvikejekta er kritisk og det hastar med å få realisert eit vernebygg for Nord-Europas største og mest komplette jekt», seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge.

«Vi har eit gryteklart byggeprosjekt klart og er såleis svært skuffa over at det ikkje kom ei løyving.»

Aa Berge har fått inntrykk av at Kulturdepartementet er svært positivt innstilt til søknaden, men trur at departementet ikkje vil gje løyving før Vestland fylke har stilt opp med løyving først: «No må fylkespolitikarane ta ansvar slik at vi kan hindre at denne kulturskatten smuldrar bort», seier han.

Staten vil løyve 41,4 millionar kroner i driftsstøtte til Musea i Sogn og Fjordane – mot 38,6 millionar kroner i 2020. I denne veksten ligg det 0,9 millionar kroner i kompensasjon for inntektsbortfall som følgje av Covid-19-pandemien og 1 million kroner i driftstilskot til Jakob Sande-senteret i Fjaler.

«Løvyinga til Jakob Sande-senteret kom svært overraskande på oss då Musea i Sogn og Fjordane ikkje har hatt ei rolle i etableringa av dette senteret», seier Aa Berge. «Vi legg til grunn at Musea i Sogn og Fjordane ikkje vil ha ei rolle i drifta av senteret utover at pengane skal vidarebetalast i sin heilheit. Sjølv om vi er glade for at Jakob Sande-senteret får statlege driftsmidler stiller vi oss spørrande til rolla som teknisk utbetalar», medgir han.

Den reelle veksten i den statlege driftsfinansieringa av Musea i Sogn og Fjordane er dermed på 2,3%, som er på linje med den generelle veksten til musea i det nasjonale museumsnettverket;

«I påvente av ny stortingsmelding om den nasjonale museumspolitikken vinteren 2021 med potensielt nye signaler var det ikkje venta at det skulle bli store endringar i driftsfinansieringa i budsjettåret 2021», fastslår administrerande direktør Kjartan Aa Berge.

 

Sandane/07.10.2020

Kontaktperson: Administrerande direktør Kjartan Aa Berge tlf. 41 44 64 39 / kjartan@misf.no