Foto: Nordfjord Folkemuseum, Digitalt Museum

Frå og med 1.november 2020 omorganiserer Musea i Sogn og Fjordane drifta.

«Med denne omorganiseringa svarar Musea i Sogn og Fjordane på forventningane som er kommunisert i museumsreforma og i kulturmeldinga frå 2018. Dette gjer oss dessutan godt budde på å møte konsekvensane av den nye museumsmeldinga frå staten som kjem i 2021 og den nye museumspolitikken for Vestland fylke som snart blir gjort gjeldande», seier administrerande direktør Kjartan Aa Berge.

Musea i Sogn og Fjordane er ein del av det nasjonale museumsnettverket og får derfor statleg og fylkeskommunal driftsfinansiering.

«Når vi årleg mottek 88% av den offentlege driftsfinansieringa vår frå Kulturdepartementet og Vestland fylke - høvesvis 63% og 25% - seier det seg sjølv at vi må vere lydhøyre for dei krav og forventningar som stat og fylke kjem med. No er dei tydelege på at dersom ein halde fram med finansiering frå stat og fylke må vi styrke oss fagleg og bruke ressursane våre hensiktsmessig - i samsvar med forventningane i museumsreform», understreker Aa Berge.

Den nye organiseringa medfører at MiSF organiserer drifta i fire avdelingar;

  • avdeling for forsking og bevaring
  • avdeling for kulturhistorie
  • avdeling for kunst og
  • avdeling for økonomi administrasjon og drift.

Avdelingane for forsking og bevaring, kulturhistorie og kunst blir leia av kvar sin avdelingsdirektør, medan avdeling for økonomi, administrasjon og drift bli leia av ein stabssjef. Thomas Walle er tilsett i rolla som avdelingsdirektør forsking og bevaring, Synnøve Bjørset er tilsett som avdelingsdirektør kulturhistorie (tiltrer 1.desember), Janne Gimmestad er tilsett som stabssjef, medan avdelingsdirektør kunst er førebels vakant. Kjartan Aa Berge vikarierer i rolla som avdelingsdirektør kunst til ny leiar er på plass. Desse fire får personal- og budsjettansvar for avdelingane sine.

«Omorganiseringa medfører ikkje fysisk flytting eller oppseiing av tilsette, men det kan vere at fleire får ny leiar og nye rollar.» fastslår direktøren.

Omorganiseringa vil føre til at dei tilsette i større grad skal samarbeide fagleg på tvers av fysiske lokalitetar, slik at intern samhandling aukar og fagleg kunnskapsutvikling blir styrkt i det konsoliderte museet. Direktøren understrekar at dette ikkje skal medføre endringar for besøkande:

«For publikum vil omorganiseringa ikkje føre til endringar. Musea held fram med same namn som i dag og er like tilgjengeleg som før.» Dei kulturhistoriske musea vil bli leia av lokale museumsleiarar med eigne budsjett og fagleg ansvar for utstilling, formidling og vertskap for sine museum. Desse vil vere MiSF sine lokale kontaktpersonar for besøkande, kommunar, frivillege, skular og andre interessegruppar.

Musea vil ha følgjande museumsleiarar:

  • De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum: Aud Ross Solberg
  •  Kystmuseet i Sogn og Fjordane: Annette Holme (tiltrer 1.januar 2021)
  • Nordfjord Folkemuseum: Anne Kristin Moe
  • Kvernsteinsenter: Franziska Rüttimann Storemyr
  • Norsk Reiselivsmuseum: Bendik Brenn Egge
  • Sunnfjord Museum: Marie Nicolaisen

«Med denne omorganiseringa er Musea i Sogn og Fjordane godt budde for framtida i det nasjonale museumsnettverket», avsluttar direktør Aa Berge.

 

Sandane/30.10.2020

Kontaktperson: Administrerande direktør Kjartan Aa Berge tlf. 41 44 64 39 / kjartan@misf.no