Musea i Sogn og Fjordane vil løyse sitt magasinbehov i eit Fellesmagasin i Angedalen og førebu framtida i Vestland fylke

30. januar 2019 fekk prosjektet «Kløften» avslag på søknad om statlege investeringsmidlar for andre gong. Med den nedskalerte «Kløften» var målsettinga å løyse 1000 m2 av MiSF sitt magasinbehov på omlag 3000 m2, samt å forbetre kontor- og formidlingsareala ved Sunnfjord Museum. Det har vore ein føresetnad for «Kløften»-søknaden at det resterande magasinbehovet skulle løysast ved å oppgradere fabrikkbygget i Angedalen til museumsmagasin.
I den museumsfaglege grunngjevinga til Kulturrådet i avslaget frå Kulturdepartementet er tilbakemeldinga tydeleg:

«Det er Kulturrådets vurdering at museets magasiner i framtiden kan ha fordeler av å være samlet i ett bygg. Dette vil innebære at industrilokalene ved Ramstad i Angedalen oppgraderes til fullverdige magasiner for alle deler av museets gjenstandssamlinger, med god standard på sikring, klima, infrastruktur og logistikk. Denne løsningen vil være kostnadseffektiv i forhold til en delt løsning der det også etableres et magasin i et nybygg i Movika/Kløften.» (15.2.2018)
Medan «Kløften» ikkje kan løyse meir enn 1/3 av magasinbehovet til MiSF, er fabrikkbygget i Angedalen stort nok til å løyse heile magasinbehovet til MiSF inklusive båtar. Ut i frå ei museumsfagleg vurdering meiner MiSF det beste er å utvikle fabrikkbygget Angedalen til ei samla magasinløysing. Ei samla løysing er òg konsistent med det MiSF har meint er best for den framtidige samlingsforvaltinga. Dette har vore MiSF si oppfatning så langt tilbake som då MiSF vart stifta i 2009.

På denne bakgrunnen har styret konkludert med at ei delt magasinløysing mellom Fellesmagasinet i Angedalen og «Kløften» ikkje lenger er aktuelt for MiSF. MiSF kan såleis ikkje stille seg bak ein fornya søknad om «Kløften». Dette stadfesta styret i MiSF 20. februar. «Magasinbehova og omsynet til Sunnfjord Museum har vore krevjande saker som har prega Musea i Sogn og Fjordane i mange år. No ønskjer vi å kome oss vidare, og i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune/Vestland fylkeskommune og nye Sunnfjord kommune finne gode og framtidsretta løysingar for Fellesmagasinet i Angedalen og for Sunnfjord Museum. Vi startar no opp ein prosess for å finne nye løysingar for Sunnfjord Museum, med sikte på statleg medverknad. Samstundes jobbar vi med å realisere fellesmagasinet i Angedalen, og sender søknad om statleg investeringstilskot for budsjettåret 2020», seier styreleiar Laura Kvamme.
I tillegg til avslaget frå Kulturdepartementet/Kulturrådet på «Kløften»-søknaden ser MiSF at etableringa av nye Vestland fylke, med endra oppgåvefordeling og finansieringsmodell på museumsområdet mellom stat og fylke, vil kunne gje store konsekvensar for MiSF. Dette gjeld både for dei finansielle og dei museumsfaglege rammevilkåra:

«No kjem endringane i rammevilkåra våre raskt, men konsekvensane er førebels svært uoversiktlege. Musea i Sogn og Fjordane treng hjelp og rettleiing frå Sogn og Fjordane fylkeskommune slik at vi kan møte dei nye utfordringane som kjem med etableringa av Vestland fylke best mogeleg», slår administrerande direktør Kjartan Aa Berge fast.

Kontaktperson:
Administrerande direktør Kjartan Aa Berge, 414 46 439, Kjartan.Aa.Berge@misf.museum.no