Holvikejekta Espen Mills

Tusen takk til alle som kom og snakka med oss på Framtidsfylket si Karrieremessa i Grieghallen. Og ikkje minst for at de tok dykk tid til å svara på quizen vår! 
Maria G. Svedal gjekk av med sigeren, og har vunne eit museumspass. Gratulerer!

Her kjem svara på oppgåvene våre, og namnet på vinnaren.

  1. Holvikejekta frå Nordfjord folkemuseum 20 meter lang.
  2. Gjenstanden frå De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum er eit pølsehorn eller «maorhodn», som dei vart kalla. Dette er eit avsaga oksehorn som dei brukte til å stappa pølser
  3. Den falske bjørnelabben frå Sunnfjord Folkemuseum vart brukt til å lura folk sommaren 2008. https://www.firda.no/nyhende/her-er-bjornelabben-som-skremde-livet-av-folk/s/1-51-3763004
  4. Biletet frå Kvernsteinsparken viser ein kalkomn.
  5. I veggen på Norsk Reiselivsmuseum hang det eit tau, eit par sko og ein ryggsekk av tre.
  6. Sogn og Fjordane Kunstmuseum har 5 avdelingar.
  7. Kystmuseet spurde etter fargen på sunnfjordbunaden som vart utvikla i Florø. Rett svar er den grøne.