Funksjon og oppgåver som Rådet til Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane skal ha, er nedfelt i stiftinga sine vedtekter.

§ 6. Råd
Stiftinga skal ha eit råd. Rådet sine oppgåver og mynde går fram av § 7. Rådet sine medlemmer
vert valde av fylkeskommunen, regionråda i fylket, vertskommunane for hovudavdelingane
(Florø, Førde, Gloppen, Sogndal, Hyllestad) og vertskommunane for underavdelingane
(Balestrand, Hornindal, Lærdal og Jølster), dei 5 eigarmusea, Høgskulen i Sogn og Fjordane,
Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane og Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge.
Kvar av dei som er nemnde ovanfor vel ein medlem til rådet.
Valet gjeld for 4 år.

Rådet skal årleg ha minst eitt møte innan 1. mai.
Innkalling skal vere skrifteleg med minst to vekers varsel til rådsmedlemmene. Kopi av innkalling
med vedlegg skal også sendast til dei organ som har valt medlemmer til rådet.
Med innkallinga skal det føreligge sakliste, årsmelding, rekneskap og driftsbudsjett for
inneverande år.
Møte i rådet kan elles haldast når dette vert kravd av rådet sin ordførar eller 1/3 av rådet sine
medlemmer. Slikt møte skal kallast inn skrifteleg med minst to vekers varsel.
Rådet kan berre handsame dei saker som er nemnde i innkallinga.
Rådet er vedtaksført når minst halvdelen av medlemmene er til stades.
Vedtaket vert gjort med vanleg fleirtal. Ved stemmelikskap er ordføraren si stemme avgjerande.

§ 7. Rådet sine oppgåver
Rådet kan gje uttale til styret si årsmelding, rekneskap og revisjonsrapport for siste rekneskapsår.
Rådet kan gje uttale til saker som styret legg fram, t.d. langtidsplanar, årsplanar, budsjett, m.m..
Rådet skal velje tre styremedlemmer med varamedlemmer.
Rådet skal velje medlemmer til valkomiteen.
Rådet fastset godtgjering til styret.
Oppløysing av stiftinga kan berre skje etter vedtak i rådet.

§ 8. Valkomité
Rådet vel ein valkomité på 3 medlemmer. Vala gjeld for 3 år.
Kvart år går den som har fungert lengst, dei to første åra ved loddtrekning.
Valkomiteen vel sjølv leiar.
Valkomiteen si oppgåve er å førebu dei vala som skal utførast av rådet.
Valkomiteen bør arbeide for at det samla styret får ei balansert og god samansetjing med omsyn
til kompetanse, geografi i fylket, kjønn og alder.

Rådets medlemmar

2019

Protokoll rådsmøte

7. juni 2019