Musea i Sogn og Fjordane ynskjer velkomen til deg og dine ved våre museum, og vi er glade for å kunne opne for publikum etter å ha vore stengd ned på grunn av  korona-pandemien, Astruptunet opner sesongen frå 1. juni, medan dei andre stadane opnar utover i juni. Sjå  nærare informasjon på under kvart enkelt museum eller på deira nettstader. 

Opninga er tilpassa dei rådande retningslinjene frå offentlege helsemyndigheter, som inneber tiltak for å hindre risiko for korona-smitte. Kvar avdeling har ein eigen smittevernsansvarleg, og alle tilsette har fått opplæring i smittevern. Vi aukar reinhald og passar på avstand, som med avgrensa kapasitet vil kunne føre til at noko av tilbodet ikkje er som normalt.

Vi vil og opplyse om at det kan oppstå situasjonar som gjer at vi må stenge tilbodet på avdelingane våre med  kort varsel. Vi tilrår at du held deg oppdatert på nettsidene og Facebooksidene til det museet du har tenkt å besøkt for informasjon om dette.

For å du skal ha en eit godt og trygt besøk hjå oss, er vi avhengig av at du som er på besøk og vi som er tilsett har eit godt samarbeid under opphaldet. På førehand vil vi opplyse om følgjande: 

  • Om du er sjuk, også med lette luftvegsinfeksjonar eller feber så ber vi deg om å halde deg heime og heller kome til oss når du er frisk igjen. Dette gjeld sjølvsagt også om du er i isolasjon eller karantene.
  • Vi ber deg om å bruke handsprit når du kjem til museet og vask hender ofte under besøket. Handsprit er plassert ut ved inngang og i fellesområde. Ta gjerne med din eigen handsprit om du skal bruke større delar av området.
  • Hald minst 1 meters avstand til tilsette og andre besøkande ved museet (dette gjeld ikkje om  du kjem i ei gruppe frå same husstand).
  • Tal personar i husa og i bygga våre er avgrensa  for å overhalde kravet om  avstand, og vil variere frå stad til stad og bygg til bygg. Bygga vil vera merka med eit makstal på kor mange personar som kan vera inne i dei på ei gong. Det kan vera du blir bedt om å vente.
  • Vi tilbyr kontaktlaus betaling og Vipps, vi tek ikkje i mot kontantar i sommar.
  • Besøkande som skal være med på omvisingar eller deltek på eit arrangement må vi be om kontaktinformasjon . Informasjonen er vi pålagt å samle inn i samband med ein mulig smittesporingsituasjon. Vi har gode rutiner på dette, og informasjonen vil bli sletta etter 10 dager.
  • Ikkje ta unødvendig på gjenstandar i utstilling og i butikk
  • Det er ikkje sjølvbetening i kafe – vi serverer deg.
  • Vi har innført auka reinhald  av flater i fellesområde, toalett, kafe, resepsjon og utstyr til aktivitetar.
  • Vi tek imot skular og barnehagar etter avtale. Er de ei større gruppe, forhandsbestill gjerne på museet du har tenkt å besøke via telefon eller e-post. Kontaktinformasjon finn du på museet si heimeside.
  • Så håper vi at du følger smittevernhensyna, så vi slipp å be deg om å forlate området.

 

Velkomen til oss i sommar!