NYHENDE

Musea i Sogn og Fjordane vil løyse sitt magasinbehov i eit Fellesmagasin i Angedalen og førebu framtida i Vestland fylke

Endeleg kjem Kulturrådet si årlege evaluering av musea i det nasjonale museumsnettverket. Sjekk ut side 106 og les om Musea i Sogn og Fjordane. Evalueringa finn du her

Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane, Norske Kunsthåndverkere Vest-Norge og Musea i Sogn og Fjordane er glade for å ha underteikna ein ny avtale om ivaretaking av kunstsenterfunksjonane ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.
«Årets sesong er den beste sidan 2012. Det er godt vi nøgde med. Fleire av våre museum har hatt godt sommarbesøk. Det er likevel stor variasjon mellom musea, og det viser at det er godt potensiale for ytterlegare vekst i besøkstala. Dette vil vi arbeide med å utvikle vidare i tida framover», seier administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane Kjartan Aa Berge.
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane underteikna 31.august avtale om å overta alle bygg og samlingar til Nordfjord Folkemuseum frå Nordfjord Sogelag. Overtakinga gjeld frå 1.september 2018.