NYHENDE

Bendik Brenn Egge som tidlegare har vore formidlingsleiar ved Norsk Reiselivsmuseum, er no tilsett som museumsleiar i eitt 12 måneders vikariat.
På grunn av koronasmitte-fare er alle våre museum stengt frå 13.mars til 1juni. Dette gjer vi på grunn av smittefaren og hensynet til både tilsette og besøkende. Vi følgjer med på råd frå myndighetene og Folkehelsinstituttet vidare framover.
Som eit tiltak for å avgrense risikoen for spreiing av coronaviruset (covid 19) er alle arrangement ved alle våre museum avlyst frå og med 12.mars til og med 14.april.Sjølv om vi ikkje har arrangement framover, vil musea våre vere opne som vanleg inntil vidare.Vi følgjer med på råd frå myndighetene og Folkehelsinstituttet, og vil fortløpande oppdatere informasjonen.


I den seinare tida har det vore ein diskusjon i offentlegheita om Sunnfjord Museum si framtid som har skapt uklarheiter. Styret i Musea i Sogn og Fjordane ønskjer derfor å bidra med ei klargjering.

Vi syner til oppslag i Firda 19. mars der det kjem fram at fylkeskommunen vurderer å krevje Musea i Sogn og Fjordane for deler av midlane brukt til Kløften-prosjektet. Bakgrunnen er at Musea i Sogn og Fjordane i februar meldte fylkeskommunen at vi ikkje stiller oss bak ein fornya søknad om statleg investeringstilskot til Kløften. I saka vert fylkesordførar Jenny Følling sitert på følgjande om krav om tilbakebetaling av planleggingsmidlar: «Dette vil bli vurdert vidare av administrasjonen, og vi vil gje eit signal om at vi ikkje driv planlegging for moro skuld.