Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Sommarvert viser fram ei skriftstavle for familie på omvisning
Publisert 06/02/2023
Av Ingvild Førde

Vil du bli sommarvert hos oss?

Trivst du i vertskapsrolla og har interesse for og likar å formidle kulturhistorie? Då kan ein sommarjobb på Nordfjord Folkemuseum passe for deg!

Sommaren er normalt ei travel tid på museet, med mange besøkande som vil oppleve utstillingane, dei kulturhistoriske samlingane, kulturlandskapet og friluftsområda på museet.

Som sommarvert spelar du ei viktig rolle i sesongavviklinga, og du vil ta del i og løyse mange oppgåver på museet, både åleine og saman med andre.

Arbeidsoppgåver for sommarvertane vil vere:

  • Gje informasjon og yte sørvis til besøkande på museet

  • Førstelinjetenester i resepsjonen (telefon, e-post, billettar)

  • Kafe (matlaging, servering, oppvask, innkjøp)

  • Butikk (sal og varehandtering)

  • Enkle reinhaldsoppgåver og førebyggande smittevernstiltak

  • Omvising

  • Regelmessige vaktrundar i utstillingane og friluftsmuseet

  • Enkle administrative oppgåver

  • Enkelt stell av uteområde

Les meir på Jobbnorge for å få meir informasjon og sende inn søknad. Eller send oss ein e-post om du har nokre spørsmål.

Familie på veg inn i eit støylshus i eit skogsområde. Huset har torvtak og tømmerveggar i lafta stil.
Dette støylshuset frå Innvik i Stryn kommune er eit av husa du kan stifte bekjentskap med som sommarvert på Nordfjord Folkemuseum.