Nordfjord Folkemuseum Nordfjord Folkemuseum
Vaksne og born på omvising i friluftsmuseet på Nordfjord Folkemuseum.
Publisert 09/02/2024
Av Ingvild Førde

Ynskjer du å jobbe hos oss?

Trivst du i vertskapsrolla og har interesse for og likar å formidle kulturhistorie? Då kan ein sommarjobb på Nordfjord Folkemuseum passe for deg!

Sommaren er normalt ei travel tid på museet, med mange besøkande som vil oppleve utstillingar, dei kulturhistoriske samlingane, kulturlandskapet og friluftsområda på museet.

Som sommarvert spelar du ei viktig rolle i sesongavviklinga, og du vil ta del i og løyse mange oppgåver på museet, både åleine og saman med andre.

Som sommarvert hos oss vil du ha ei vertskapsrolle der du:

  • tek imot besøkande på museet

  • har førstelinjeteneste i resepsjon (telefon og billettsal)

  • publiserer innhald i museet sine SoMe-kanalar

  • driv salg og varehandtering i butikk og kiosk

  • fasiliteter for utleige

  • går omvisingar med besøkande og vaktrunder i museet

  • har enkle administrative oppgåver

  • har enkle reinhalds- og skjøtselsoppgåver

Bli med sommarvert Reany på jobb

Ein vanleg arbeidsdag som sommarvert er full av varierande arbeidsoppgåver både ute i friluftsmuseet, og inne i kafe og butikk.

Henning A. Hellebust / Musea i Sogn og Fjordane

Etter ein sommar hos oss fer du rikare: Du har fått relevant arbeidserfaring, du har arbeidd saman med og blitt kjend med kjekke kollegaer, du har lært om kulturhistoria vår, du har møtt mange menneske og opplevd vestlandsnaturen i all slags vêr!

Publikumstilbodet vårt omfattar også utstillingar, arrangement og formidlingsopplegg. I hovudbygget på museet har vi museumsbutikk og ein enkel kafe. I 2024 tilbyr vi utstillingane Dyrebar og Attåt.

Familie på veg inn i eit støylshus i eit skogsområde. Huset har torvtak og tømmerveggar i lafta stil.
Som sommarvert hjå oss har du muligheiten til å vise fram vår rike kulturhistorie til besøkande.

Les meir på Jobbnorge for å få meir informasjon og innsending av søknad. Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med museumsleiar Anne Kristin Moe.

Søknadsfrist 26. februar.