Sunnfjord Museum Sunnfjord Museum
Teikning av gule blomar og ein stabbursnøkkel
Publisert 11/04/2023
Av Nina Renate Brendsdal

Løysing på påskekrimmen

I påska har små og store detektivar vore innom og løyst påskekrimmen i friluftsmuseet! Saman med lensmann Mikkel Moviken har besøkande gått rundt i tunet, frå post til post, og nøsta opp i trådane på kva som hadde skjedd med tenestejenta Ingeborg. Har du funne det riktige svaret? Løysinga og vinnaren av påskekrimmen får du her!

Det er Gudrun, gardskona på Nilstunet, som har tatt livet av Ingeborg!

Som vi fekk vite av smeden Konrad, var Ingeborg gravid. Faren til barnet i magen er Sverre, sonen til Gudrun. I 1820 er Nilstunet ein velståande gard og Sverre er odelsgut. At Sverre har vore saman med Ingeborg, ei tenestejente frå fattige kår, og til og med gjort ho gravid, er ei skam for heile familien! Ikkje minst for deira gode rykte i bygda. For Ingeborg sin del er graviditeten ein liten ynskja situasjon å stå i. Kven skal forsørge ho og barnet om ikkje Sverre kan? Ho ville jo reise til Bergen og arbeide der som tenestejente etter sommaren!

Ingeborg er redd. Etter at Sverre har fått nyheita om barnet, har han blitt frykteleg sint. Ingeborg merkar også at Gudrun ynskjer meir kontroll over henne. Ho blir sett til anna arbeid, helst saman med Gudrun, og ho får ikkje vere i eldhuset saman med Anna Birgitta. Ingeborg føler seg utrygg og ynskjer å få laga ein lås til Sandnesbua. 

Då Sverre har kome over sjokket med graviditeten, og innsett at han elskar Ingeborg og ynskjer dette livet saman med ho, er det allereie for seint. Gudrun har lagt vonde planar. Då Sverre ein dag fortel mora at han ynskjer å gifte seg med Ingeborg, blir dette dropen i glaset, og Gudrun innser at dette må ho ordne opp i. Det skal ikkje kome noko barn, og Sverre skal ikkje gifte seg med ei simpel tenestejente!

På same måte som Anna Birgitta, veit også Gudrun om planten Reinfann.  
Reinfann er ei plante som har vore nytta som medisinplante sidan mellomalderen, og har hatt stor plass i folkemedisinen. Planta vart nytta mellom anna mot innvollsorm, lusemiddel, mot kvalme og utelaten menstruasjon. Gudrun veit også at planta er potensielt giftig i høge doser.

Ein kveld, medan folket på garden et kveldsmat, tømmer Gudrun drikke opp til Ingeborg. Gudrun seier ho har laga noko ny saft av frukt og bær, og om ikkje Ingeborg kan vere snill å smake på det. Ingeborg tenker ikkje noko over dette, og smakar velvillig av drikken. 

Om natta merkar Ingeborg at ho vert dårlegare og dårlegare, og ho klør på halsen. Ho er frykteleg kvalm og går ut for få lufta seg. Ingeborg går ned til vatnet for å vaske seg, men etter kort tid vert ho bevisstlaus, og dør av hjartesvikt. 
 
Som gardskone har Gudrun sjølvsagt nøklar til alle husa på garden, også eldhuset. Ho set difor ølausa inn i eit av skåpa for å kaste mistanken over på Anna Birgitta.

Vinnaren er Teodor Tefre!

Gratulerer!
Premien er eit årskort til musea.
Med vårt årskort kan du besøke alle våre 12 museum, så mange gongar du vil! Kortet gjeld for heile 2023. Vi tar kontakt på e-post.