Gå til Musea i Sogn og Fjordane
Sunnfjord Museum
sunnfjord-museum/sunnfjord-museum-abu-adonaba-fordefestivalen-foto:guri-rognskog.jpg

Ut på tur, aldri sur - Konsert på Førdefestivalen med Barnas Turlag

6. juli 16:30 - 18:30
Sunnfjord museum

Bli med Barnas Turlag på tur rundt Mostien. Etterpå kan du grille din eigen mat i tunet på museet. 

I Sersjanløa  kan du oppleve Abu Adonaba og trioen hans oss framsyninga "Nagila", om dei dansande kuene som han passa for oldemora heime i Ghana. 

Turen startar frå parkeringsplassen ved Sunnfjord museum.

Konserten passar for barn og vaksne!

Om Abu Adonaba og framsyninga Nagila - dei dansande kyrne

Har du sett ei ku danse? Då Abu var liten, passa han oldemora sine kyr i landsbyen i Ghana. Han tok dei med ut på slettene så dei kunne ete gras. Nokre gonger dansa kyrne. Abu spelte musikk, og kyrne dansa. I Ghana har kyr nemleg sin eigen musikk og dans, Nagila heiter den, og betyr kudans. Kan du danse som ei ku?

Abu Adonaba er frå Ghana i Vest-Afrika. Han vaks opp med musikk og dans som ein del av kvardagen, og det var aldri nokon tvil om at han hadde eit medfødd talent for dette. Som 20-åring var han med i det nasjonale danse-ensemblet, Ghana Dance Ensemble, som dansar og koreograf. Han var også med i danse- og trommegruppa Odehe Dance Company.

Adonaba spelar fløyte og ulike tradisjonelle afrikanske trommer og perkusjon enten solo eller med band. Han er også ein del av det nye Vestland Sound Machine, der ghanesiske trommetradisjonar møter elektronisk musikk. I over 20 år har Abu Adonaba hatt base i Bergen, men er velkjend i heile landet for sine mange musikk- og danseverkstadar, konsertar og framsyningar på festivalar, i skular, barnehagar og verksemder. Kvar veke har han kurs for born og unge på Bergen Internasjonale Kultursenter.

Desse møter du i framsyninga:
Abu Adonaba - djembe
Marianne Adonaba - djembe
Stephen Osono - djembe