Gå til Musea i Sogn og Fjordane
Vågsberget
vaagsberget/vagsberget-thomas-bickhardt-bickfoto-(26).jpg

Krambua

24. juni - 14. august
Vågsberget

Krambua er blant dei eldste bygningane på Vågsberget. Her har eigarane av Vågsberget drive handel med lokalbefolkninga og tilreisande fiskarar sidan 1700-talet. Bli med inn i bua og sjå på det spanande vareutvalet medan omvisarane våre fortel om handelshistoria på Vågsberget.

Utstillinga er tilgjengeleg i vår sommarsesong frå jonsok til midten av august. Elles etter avtale med Kystmuseet i Sogn og Fjordane.