De Heibergske Samlinger De Heibergske Samlinger
de-heibergske-samlinger/a791392b-176f-458b-92e4-f1c6f59f495d-wml.jpg.

Open dag i Kaupanger

Tidspunkt
Stad Kaupanger

Vi vil invitere store og små til open dag i Kaupanger der du kan sjå og høyre meir om tradisjonsbåtar, gamle bilar, ro ein færing, vitje Kaupanger stavkyrkje, lære om kulturlandskapet eller rett og slett berre klappe ein geitekilling. Du kan ete nista di ute i amfiet over Kafé Knaken, eller kjøpa deg mat og drikka på Kafé Knaken som held ope denne dagen, samt kaffi og is på Fjordmuseet. Denne dagen vert også Glaværstova opna, den eldste skjenkestova i Sogn frå tidleg 1800-talet.

Tilboda føregår tre ulike stadar:

Sogn folkemuseum – De Heibergske Samlinger
• Kl. 11.00: Friluftsgudstjeneste

Ved Amble Gård kan du oppleve:
• 12.00-15.00 Open gardsbutikk med sal av økologisk eplemost, syltetøy, tørka eple, sjokolade, egg og litt nips.
• 12.00-15.00 Gjert og Ingebjørg Heiberg opnar det gamle museet i Amla. Omvising kl 13.00 og 14.00

Eplemost.

Ved Kaupanger ferjekai kan du oppleve:
• 11.00 -16.00 Sogn Fjordmuseum opnar båtmuseet og den eldste skjenkestova i Sogn, Glaværstova med sal av kaffi/brus, kaker og is.
• 12.00 og 13.00 omvisingar i fjordmuseet
• Indre Sogn Kystlag har gamle trebåtar ute – her kan du ro ein gamal færing.
• Bjarne Lerums Bilmuseum held ope og viser 24 gamle bilar, kloss i båtmuseet. Her kan du mellom anna sjå ein Dogde Step Side, Cadillac E og ein Mercedes 219.
• 12.00-12.15 Velkomen og orientering utanfor Glaværstova
• 12.00-15.00 Hesteskyss frå Sogn fjordmuseum til Kaupanger stavkyrkje ved Sogn ride- og køyreklubb.
• Vandring «Amlabukta rundt» – fin fottur på ca. 1-1,5 times tid på bilveg (asfalt/grus) (kart). Flat start langs sjøen mot Nedre Amla, deretter opp bilveg langs Svartaholsgrovi, deretter på bilveg gjennom Øvre Amla og ned att på bilveg til ferjekaien.

de-heibergske-samlinger/1.jpg.

Ved Kaupanger stavkyrkje kan du oppleve:
• 11.00-16.00 Kaupanger Hovedgård viser fram det restaurerte kulturlandskapet i ei kulturløype. På denne tida blømer villblomane og gjer til at kulturlandskap er på sitt finaste. Info-skilt langs løypa gjev deg informasjon undervegs. Her kan du også sjå geitekillingane hoppe rundt. Varighet ca. 20 min (ca. 4 skilt).
• Du kan et nista di ute i det naturleg amfiet i bakken over Kafé Knaken.
• 12.00-16.00 Kafé Knaken opnar for anledninga og sel både salt og søtt.
• 11.00-16.00 Kaupanger stavkyrkje har ope denne dagen.
• Kl. 14.00 Kaupanger stavkyrkje: Vår eigen folkesongar Judith Vestrheim held minikonsert.

de-heibergske-samlinger/1280px-kaupanger_stavkyrkje_2018_take_3.jpg.

Arrangementet er ope for alle. Fellesbillett til alle opplevingane vert selt ved fjordmuseet og stavkyrkja: kr 80 for vaksne, 40 kr for born (u. 18 år). Ingen påmelding.

Transport:
Buss og fottur: Ta buss til Kaupangsenteret og gå strekninga Kaupangersenteret-ferjekaien, tur retur. Stigning på ca. 150 høgdemeter tilbake. Det går ikkje buss ned til Kaupanger ferjekai denne dagen. Sjå www.entur.no for bussruter.
Bil og fottur / sykkeltur: Parkere bilen ved ungdomshuset Skogly, gå eller sykle gjennom skogen og ned til ferjekaien. Stigning på ca. 150 høgdemeter tilbake.
Bil: Køyre til Kaupanger ferjekai eller til Kaupanger stavkyrkje, og parker der. Gå, eller nytt hesteskyss mellom stadane via sjøvegen mellom stavkyrkja og fjordmuseet.
-Tek du syklar med på biltaket, kan du sykle mellom stavkyrkja og fjordmuseet.