Vi vurderer kva vi kan ta imot med utgangspunkt i planar for innsamling. For å kunne gjere ei god vurdering om vi kan ta gjenstanden inn i vår samling, treng vi først grunnleggande informasjon om gjenstanden. Den sender du til oss ved å fylle ut skjemaet nedanfor så godt du kan.
Slik vurderer vi
Skjemaet du fyller ut vert sendt til fagperson i avdeling for forsking og bevaring. Der vil det bli gjort ei første vurdering av ein konservator. Basert på dette, kan ei anbefaling om inntak bli sendt vidare til samlingsrådet eller inntakskomité for kunst i Musea i Sogn og Fjordane, som tek endeleg avgjerdsle.
Sakshandsamingstid vil normalt vere på opp til seks veker, men unntak kan skje, spesielt i samband med sommaresong og ferie.
Musea i Sogn og Fjordane tek kontakt når vedtak om gjenstanden er gjort. Dersom vi ønskjer å ta gjenstanden inn i samlinga, lagar vi ein avtale med eigar om overføring av juridiske rettar for gjenstanden. Musea i Sogn og Fjordane følgjer ICOM sitt museumsetiske regelverk.