Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane

Personvernerklæring

Personopplysingar er informasjon som kan koblast til deg som person. Det kan vere namn og kontaktopplysingar, men også anna informasjon som kan knytast til deg meir indirekte. I denne personvernerklæringa kan du lese om kva personopplysingar Musea i Sogn og Fjordane er handsamingsansvarleg for. Det er viktig for oss at du veit kva slags personopplysingar vi handsamar, slik at du kan ta i vare dine rettar etter personvernlovgjevinga.

Opplysningar om eigar

Eigar av nettstadene er Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Gota 16, 6823 Sandane.
E-post: post@misf.no. Organisasjonsnummer: 944 179 136, som og er ansvarleg for Stiftinga si handtering av personopplysningar.

Behandlingsansvarleg

Administrerande direktør er på vegne av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane behandlingsansvarleg for verksemda si handsaming av personopplysningar.

Nettstaden misf.no

Vår databehandlar på denne nettstaden er Mediebruket AS, Førde, org.nr.: 994 57 6240

Informasjonskapslar på misf.no

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som vert plassert på datamaskina din når du besøkjer ei nettside. Vi brukar ikkje informasjonskapslar for å identifisere deg

Vi brukar ein sesjonsavhengig informasjonskapsel (session cookie) for å lette bruken av nettstaden, ved til dømes at nettlesaren hugsar kva sider du har vore innom slik at dei legg seg i hurtigminnet og det går raskare å navigere. Du kan sjølv velje å slå av slike informasjonskapslar i nettlesaren, men brukaropplevinga og navigeringa på nettstaden kan då bli forringa.

I tillegg brukar vi ein informasjonskapsel for å beskytte brukaren og nettsidene mot angrep. Denne kan ikkje veljast vekk.

Begge desse informasjonskapslane vert sletta når du lukkar nettlesaren.

Statistikk

Viss du besøkjer denne nettstaden så samlar vi inn avidentifiserte opplysningar om besøket gjennom verktøyet pirsch.io. Føremålet med dette er å utarbeide statistikk som vi brukar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet på nettstadane. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøkjer ulike sider på nettstaden, kva nettstadar brukarane kjem frå og kva nettlesarar som vert nytta. Verktøyet nyttar ikkje informasjonskapslar, og vi kan ikkje spore opplysningane vi samlar inn tilbake til den enkelte brukar.

Dataene vi samlar inn vert lagra innanfor EU, og er i tråd med krava i GDPR, CCPA og Schrems II.

Skjema

Publikum kan sende oss førespurnader om visse tenester. Dette skjer gjennom å fylle ut og sende inn skjema. Namn og kontaktinformasjon vil vere informasjon vi samlar inn. Skjema vil bli sletta når sakshandsaminga er avslutta.

Når samlar tredjepartsaktørar inn opplysingar om deg?

Når du skal kjøpe billett, årskort eller Museumspass, sjå på kart, laste ned bilder eller søke jobb hjå oss, vert du sendt til tredjepart sine nettsider. Personopplysingar som eventuelt vert samla inn då, handsamar ikkje vi. Då er det desse si personverklæring som gjeld. Billett, årskort og kjøp av Museumspass online, skjer på museumsbillett.no, kartfunksjon får du på google.com/maps, laste ned bilder skjer frå imageshop.no, medan du går til jobbnorge.no for å søke stillingar.

Kjøp via nettsidene

Om du vil inngå ein avtale med oss via nettsidene, for eksempel ved kjøp av billetter, museumspass eller årskort, må du oppgje personopplysingar. Vi bruker betalingstenesta Netaxept for å gjennomføre kjøp via nettsidene våre. Når du gjennomfører kjøpet, får Musea i Sogn og Fjordane varsel om kven som har betalt. Personopplysingane vi henter inn nyttast for å gjennomføre avtalen med deg og for å oppfylle lovkrav i samband med transaksjonen, for statistikk over besøkande og for å betre brukaropplevinga.  

Når det gjeld Netaxept ser vi kun dei fire siste transaksjonane av kortnummeret og har ingen påverknad på kor lenge dette vert lagre. Om enkeltpersoner tek kontakt for å få fjerna slike opplysingar så gjer vi det. Opplysingane slettast automatisk etter 5 år.

Dine rettar til innsamla personopplysingar.

På Misf.no vert det samla inn personopplysingar i samband med utfylling av skjema. Dette kan vere bestilling av utleigelokale, kontakt med avdeling for forsking og bevaring, til dømes. Informasjonen det er snakk om, vil vere avgrensa til namn og kontaktinformasjon, som vert knytt til din førespurnad.

Desse personopplysingane vert handsama i tråd med personopplysningslova og gjeldande forskrifter. Vi gjer deg merksam på at du kan krevje innsyn i, og flytting av eigne personopplysingar, samt krevje retting eller sletting av opplysningar. Krav frå den registrerte skal besvarast kostnadsfritt og seinast innan 30 dagar. Det kan klagast til Datatilsynet på handsaming i strid med reglane.

Kontaktinformasjon:

Hendvendingar om kva opplysningar som er registrert, retting og sletting sendast skriftleg på e-post til: post@misf.no