Vel mellom kunst, friluftsmuseum, kystkultur, vikingtid, reiseliv. Ved tolv museum mellom fjord og fjell kan du få ny innsikt i menneskelivet, både før og no. Sving innom oss på ferda di, og kjenn deg litt rikare!

Årskort til musea
Eitt år fylt med opplevingar?
Kjøp eit årskort til deg sjølv eller nokon du er glad i. Med vårt årskort kan du besøke alle våre 12 museum, så mange gongar du vil! Kortet gjeld for heile 2023. Årskortet er for vaksne, barn har gratis inngang hjå oss frå 2023.
Desse kan du besøke!
Årskortet kan og kjøpast for 350,- kroner ved det enkelte museum eller digitalt her. Kjøper du digitalt, får du utdelt kortet på det første museet du besøker, mot framvising av kvittering. Du kan og ta kontakt på e-post: post@misf.no for å få tilsendt årskort etter kjøp. Kvittering for årskort på mobil kan og nyttast som inngang mot framvising.
Vilkår for årskort:
I tillegg til vanlege museumsbesøk, gjeld kortet for dei fleste arrangementa kor musea er arrangør.
Årskortet gjeld ikkje når det er plassbillettar/avgrensa tal personar, eller om andre står som (med-)arrangør.
Årskortet er personleg, og kan ikkje nyttast av andre.
Årskortet gjeld for det året det er kjøpt (ikkje frå kjøpsdato til kjøpsdato).
Opplevingar hjå oss

Sogn og Fjordane Kunstmuseum: Teiknestrekar med Kay Arne Kirkebø

Sogn og Fjordane Kunstmuseum: Performance: Bjørn Venø | finissage
