Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane

Vil du ha sommarjobb på museum?

Musea våre treng sommarvertar. Oppgåvene vil variere, men hjå mange av musea handlar det om å gjere slik som Reany i filmen ovanfor. Møte gjestene, vere eit godt vertskap og skape god stemning. Kanskje står du i resepsjonen og sel billettar, kanskje går du omvisingar. Kanskje steiker du sveler, kokar kaffi og held orden. Kanskje hjelper du gjestene med heilt andre ting.

Felles for alle jobbane er at du får vere med og gjere folk kjent med viktige deler av kunst- og kulturarven i Sogn og Fjordane. Du får by på deg sjølv, og jobbe saman med gode kollegaer. Kanskje får du øvd deg på eit framandspråk.

Kven ser vi etter

Sommervertane er svært viktige for at gjestene våre skal få ei god oppleving. Vi søker deg som likar folk og formidling, kan ta i eit tak og er god til å halde orden. Vi ser etter ulike bakgrunnar og interesser, og folk i alle aldrar.

Ledige stillingar no:

Sals- og marknadskoordinator

Søknadsfrist
25.01.2026
Les meir om stillinga og søk

Les om musea våre

Sjå alle her