Til saman har Musea i Sogn og Fjordane over 120.000 gjenstandar i samlingane. Hus, båtar, fotografi, kunst og kulturhistoriske gjenstandar av ulike materiale, storleikar og til ulike føremål. Mange av gjenstandane har blitt gitt til oss av innbyggarane.
– Mange kjem til oss med gamle ting, og det er vi glad for. Oppgåva vår er å ivareta kulturarven gjennom å ta vare på gjenstandar og drive forsking og formidling om dei. Skal vi klare det, må alle nye gjenstandar som eventuelt skal inn i samlinga gjennom ei nøye vurdering. Og det er slett ikkje alt vi kan takke ja til, seier førstekonservator Therese Nesset ved avdeling for forsking og bevaring. Ho har til dagleg arbeidsplass ved De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.
Slik går du fram
Om du ønskjer å gje noko til eitt av musea våre, trykkjer du på den rosa knappen nedanfor. Der kjem du til ei side der du kan skrive inn all den informasjonen du har om gjenstanden. Knips og legg ved eit par bilete, trykk på send-knappen, og jobben din er for det meste over. Du kan bruke pc, nettbrett eller telefon. Tips - les ferdig artikkelen først - så ser du heilskapen.
– Veit du kvar den er laga? Kven som har brukt den? Kva den er til? Har den ei spesiell historie? Jo meir kunnskap vi får om gjenstanden, dess lettare er det for oss å vurdere den kulturhistoriske verdien. Ta dømet ølbolle, som vi har veldig mange av i samlingane. Skal vi ta inn fleire, må den utmerke seg. Informasjonen vi får om den, blir difor viktig, seier Nesset.
Innmeldinga frå nettsida vert tatt imot av ein som har ansvar for å ta vare på samlinga for det gjeldande museet, som konservator Therese Nesset. Hennar jobb blir å vurdere informasjonen du har sendt inn. Ho går inn i musea sin samlingsdatabase og ser om vi har liknande gjenstandar i samlinga, om den vil tette hol. Ho vil vurdere om den representerer kulturhistoria på ein god måte og i kva grad den er relevant for forsking og formidling.
Passar gjenstanden for oss?
Like viktig blir det å avklare om den passar inn museet sin samlingsstrategi. Altså - er det ein gjenstand som vi typisk ønskjer å ta vare på, som er i tråd med oppdraget for det enkelte museum? Gjenstanden kan ha høge kulturhistoriske kvalitetar, og likevel ikkje passe inn i våre samlingar.
– Dersom eg meiner at gjenstanden er noko vi bør ta inn, så lagar eg ei innstilling og sender til Samlingsutvalet ved Musea i Sogn og Fjordane. Det har eit overordna blikk på samlinga, kjenner planane og strategiane særs godt og sit med den endelege avgjerda. Om dei er einige med mitt ønskje, så tek vi den inn. Om ikkje, får eigaren informasjon om det, og eventuelt råd om kven andre som kan vere interessert, seier Nesset.
Kva skjer om museet takkar ja?
Får du eit «ja takk», vil samlingsansvarleg/konservator lage avtale om at du kan levere gjenstanden til det museet som skal ta imot. Det første museet gjer når gjenstanden kjem inn, er å vurdere kva stand den er i. Så vert den reingjort ved behov. Deretter blir den nummerert, merka og registrert.
– Alle opplysingane vi har fått inn, vert registrert i databasen. I tillegg ei detaljert skildring av til dømes mål og kjennemerke. Den får sitt heilt eige nummer og vert fysisk merka. Er det fare for at den inneheld skadedyr, må den frysast ned ei stund, så den ikkje dreg det med seg inn i magasinet, seier Nesset.
Så er gjenstanden klar til å bli tatt opp i samlinga og bli ein del av den dokumenterte kulturhistoria. Den får sin eigen plass i eit magasin som skal sikre ei lengst mogeleg levetid. Der er den tilgjengeleg for forsking og kan bli brukt i utstillingar og til formidling til dei som kjem på museum. Det kan vere naboen din eller folk frå heile verda – i uoverskodeleg framtid.