Musea i Sogn og Fjordane har tolv museum i Sogn og Fjordane som du kan besøke. I tillegg til utstillingane som er opne for publikum, har vi omfattande samlingar av gjenstandar, bygningar, kulturlandskap, fotomateriale og arkiv. Av desse er om lag 4000 kunstverk frå ca. 1900 og framover og 144 båtar og fartøy. Til saman utgjer samlingane rundt 120.000 gjenstandar, 37.000 foto og 154 bygningar. Alt dette fortel noko om korleis menneskje i vår del av verda har levd og budd.
Digitalt museum er ein nettstad som museum i Norge bruker til å registrere og vise sine gjenstandar digitalt, slik at kven som helst skal få sjå samlingane. Vi har registrert vel 40.000 av våre gjenstandar, foto og kunstverk der, og talet er veksande. Du kan søke i det enkelte museum si samling eller du kan søke i mange ulike kategoriar. Mogelegheitene er mange. Les søketips her.
Dersom du ønskjer å komme på museet og sjå ein gjenstand eller ønskjer foto av ein gjenstand, ber vi deg ta kontakt her.