Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
misf/2022-06-07_08-58_Nordfjord-folkemuseum-1654590279.jpg.

Om Musea i Sogn og Fjordane

Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) utgjer eit fellesskap av tolv ulike museumsarenaer mellom fjord og fjell i Sogn og Fjordane. Oppgåva vår er å dokumentere, forske og formidle natur-, kulturarv og kunst i Sogn og Fjordane.

Etablering og historikk

Fleire sjølvstendige museum i tidlegare Sogn og Fjordane fylke vart slått saman og gjekk inn i Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane 1. januar 2009. I Vestland fylke er vi eitt av tolv samanslåtte museum. Sidan etableringa i 2009 har nokon gått ut, andre har kome til stiftinga. I dag er desse museumsarenaene del av Musea i Sogn og Fjordane:

Astruptunet, Eikaasgalleriet, De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, Kvernsteinsparken, Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Nordfjord Folkemuseum, Norsk Reiselivsmuseum, Sogn fjordmuseum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Sunnfjord Museum, Vågsberget. Finn musea si geografiske plassering ved å trykke på kartet nedanfor.

misf/misf_kart_2022.svg.
Finn ut kvar musea er plassert, ved å trykke på kartet.

Vårt føremål

Stiftinga sitt føremål er å drive museum», står det i vedtektene til Musea i Sogn og Fjordane. Vidare slår dei fast at «Stiftinga skal drive innsamling, bevaring, dokumentasjon, forsking og formidling. Stiftinga skal kunne drive anna kulturell verksemd. Museet skal drive inntektsgjevande verksemd med naturleg tilknyting til hovudverksemda, det vil seie verksemd som er med på å realisere stiftinga sitt ideelle og kulturelle føremål, som konsulent- og spesialtenester, kafé, museumsbutikk og utleige.

Organisering

Misf er organisert i fire avdelingar på tvers av enkeltmusea. Slik får vi eit sterkt kompetansemiljø og god samhandling. Avdelingane har eigen direktør med personalansvar og er slik delt opp: Avdeling for forsking og bevaring, avdeling for kulturhistorie, avdeling for kunst og avdeling for økonomi, administrasjon og drift. Kvar av desse har ein avdelingsdirektør, som rapporterer til administrerande direktør. I tillegg til HR-sjef, utgjer desse leiargruppa i Misf.

«Musea i Sogn og Fjordane skal vere ein relevant og aktiv samfunnsaktør innan kunst og kulturarv»

Styret er stiftinga sitt øvste organ, og ser til at verksemda vert driven i samsvar føresetnadene i vedtektene. Valnemnda til styret er utpeikt av Rådet. Rådet er representantar frå fylkeskommunen, regionråda, vertskommunane, eigarstyra til stiftarane og kunstnarorganisasjonane. Rådet si oppgåve er å gje utftaler til årsrapportar og andre overordna saker styret legg fram.

Tilsette

Dei største yrkesgruppene hjå oss er museumspedagogar, museumsvertar, museumsleiarar og handverkarar. Dessutan har vi konservatorar og kuratorar, ein museumsbonde, økonomar, marknads- og kommunikasjonsfolk og andre yrkesgrupper representert. Dei fleste har hovudarbeidsstad på ein museumsarena, nokon har ansvar på fleire arenaer, og nokon jobbar på fellesadministrasjonen. Den er samlokalisert med Nordfjord folkemuseum på Sandane. Trykk på lenka for å finne tilsette.

Strategi og planar

Viktige styringsdokument i drifta vår, er strategi og planar for dei ulike verkeområda. Overordna retning ligg i Strategiplan 2023-2026 for Musea i Sogn og Fjordane. Visjonen er at «Musea i Sogn og Fjordane skal vere ein relevant og aktiv samfunnsaktør innan kunst og kulturarv». Strategien er til revisjon, og ny vil vere på plass til 2023.

Formidlingsplanen legg fram dei viktigaste tiltaka for å sikre god og relevant formidling, medan samlingforvaltningsplanen og vedlegg til samlingsforvaltningsplan, skal sikre heilskapleg, effektiv og fagleg oppdatert forvaltning av alle samlingane. Forskingsplanen er eit styringsverktøy for det langsiktige forskingsarbeidet. Kompetansestrategien skal sikre påfyll og utvikling av kompetanse på dei prioriterte innsatsområde. Vi har også utarbeida ein kvalitetspolitikk, som skal bidra til å styrke kvaliteten i arbeidet som vert lagt ned, og sikre jobbing mot etablerte mål. Vi har også ein kommunikasjonsstrategi, som set retning for kommunikasjonsarbeidet vårt.

Eit viktig grunnlagsdokument for all strategiutvikling og planarbeid, er Stortingsmelding 23 (2020-2021), Musea i samfunnet – Tillit, ting og tid. Den går igjennom den overordna politiske retninga for museumspolitikken fram mot 2050.

Finn du ikkje det du leitar etter? Prøv eit søk i feltet nedanfor!