Musea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv forskjellige museum mellom fjord og fjell i Sogn og Fjordane. Om du let deg inspirere av tradisjonelt handverk, formidling i ulike former, økonomi og administrative oppgåver, forvalting av unike samlingar, eller vertskapsrolla, er er det berre nokon av det våre tilsette jobbar med.
Alle oppgåvene er like viktige for å oppnå vårt felles mål, som er å drive gode museum saman. På bildet ser du museumspedagog Kathrine Helene Skarsholt på jobb.
Som tilsett i Musea i Sogn og Fjordane blir du ein del av eit kreativt og engasjert miljø med stort mangfald av kompetanse, erfaring, interesser og bakgrunnar. Felles for dei alle er eit brennande engasjement for å dokumentere, forske, bevare og formidle kunst, natur- og kulturarv i Sogn og Fjordane.