Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Elevar og lærar spelar spel på Kystmuseet.

Museumsbesøk for

Skule og barnehage

Ta elevar og barnehageborna med på museum!

Pedagogiske tilbod for skule og barnehage

Musea i Sogn og Fjordane har ei rekke tilbod til skuleklassar på alle trinn og barnehage. Museumsbesøk gjev elevane opplevingar i fysiske miljø som heng saman med læringsinnhaldet. Dei får bruke alle sansane sine og prøve ulike praktiske øvingar. Tilboda er utarbeida av våre museumspedagogar, og tek utgangspunkt i skulen sine læreplanar og kompetansemål. Alle tilboda er gratis.

Utforsk og bestill

For å utforske og bestille dei forskjellige pedagogiske aktivitetane, trykk på knappen nedanfor. Då kjem du til den nasjonale portalen for undervisingsopplegg på museum, DigitaltMuseum Skole. Skriv namnet på museet du ønskjer å besøke i søkefeltet. Sorter eventuelt trinn, fag, emneord eller stad. Merk også at du kan velgje reine digitale opplegg landet rundt.

Er du usikker på kva museum du ønskjer å besøke, sjå alle musea våre nedst på sida.

Ver merksam på at ikkje alle museum har aktive opplegg for skule eller barnehage. Tilboda er i utvikling, nye kjem til, andre vert tatt vekk. Ta gjerne kontakt med musea om det er noko du saknar.

Sjå alle musea