Musea i Sogn og Fjordane Musea i Sogn og Fjordane
Dame ved busskilt som det stå¨r Museumsbussen på.

Ny ordning:

Gratis museumsbuss

9.-klassar i Sogn og Fjordane kan få opp til to museumsbesøk med gratis transport.

Gratis museumsbuss for 9. trinn

Musea forvaltar vår felles kulturarv, noko som gjev oss til ein særprega læringsarena. For å sikre at alle elevar får besøke musea i løpet av grunnskulen, tilbyr vi gratis transport for alle elevar på 9. trinn til to museum i løpet av skuleåret. På musea får elevane vere med på eit pedagogisk tilrettelagt opplegg, skreddarsydd for alderstrinnet, leia av ein formidlar som brenn for kunst- og kulturhistoria – les meir om undervisingstilboda her.

Kva museum kan de besøkje?

De kan besøke to museum i løpet av skuleåret innanfor denne ordninga. Det eine besøket skal gå til eit folkemuseum, det andre til eit valfritt temamuseum. Les meir om alle musea nedst på sida.

Finn ut kva folkemuseum elevar i din kommune kan besøke med gratis museumsbuss:

  • Sunnfjord Museum: Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Kinn (Florø), Solund, Sunnfjord

  • Nordfjord Folkemuseum: Bremanger, Gloppen, Kinn (Vågsøy og Eikefjord), Stad, Stryn

  • De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum: Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

I tillegg kan de velje eitt av temamusea i lista nedanfor. Ver merksam på at tilboda vil variere, og at ikkje alle til ei kvar tid har eit organisert tilbod.

  • Sogn og Fjordane Kunstmuseum (Førde)

  • Astruptunet (Jølstravatnet sørside)

  • Eikaasgalleriet (Ålhus i Jølster)

  • Sogn kunstsenter (Lærdal)

  • Kvernsteinsparken (Hyllestad)

  • Norsk Reiselivsmuseum (Balestrand)

  • Kystmuseet i Sogn og Fjordane (Florø)

  • Vågsberget handelsstad (Vågsvåg)

Merk at temamusea har ulik kapasitet, og at det kan bli fullteikna.

Korleis kan eg tinge besøk og museumsbuss?

Via portalen DigitaltMuseum Skole, kan du finne aktuelle museum som er omfatta av ordninga med gratis museumsbuss. Der melder du 9. klassen din på via eige påmeldingsskjema. Gjennom å sende inn skjemaet vil du kome i kontakt med ein av våre museumspedagogar og gjere avtale om tid. Du vil også få ein rekvisisjon slik at du kan tinge transport hos din lokale tilbydar. Faktura for transporten går til Musea i Sogn og Fjordane.

Dersom 9. klassen din tel få elevar, ber vi om at du samordnar besøket og transporten med ein annan skule i nærleiken. Maks tal elevar pr. besøk er 30 .

Kostar museumsbesøket noko?

Alle born og unge under 18 år har gratis inngang på musea våre, det gjeld også desse besøka. Museumsbussen er gratis for skulane, takka vere finansiering frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Kva skular gjeld dette?

Museumsbuss gjeld skular i kommunar som ligg i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Finn ut meir om musea